Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
II PETER
1 2 3
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 1
II P NorSMB 1:1  Simeon Peter, Jesu Kristi tenar og apostel, til deim som hev fenge same dyre tru som me ved vår Gud og frelsar Jesu Kristi rettferd:
II P NorSMB 1:2  Nåde og fred vere med dykk i rikt mål, med di de kjenner Gud og Jesus, vår Herre!
II P NorSMB 1:3  Etter som hans guddomlege magt hev gjeve oss alt som høyrer til liv og gudlegdom, ved kunnskapen um honom som kalla oss ved sin eigen herlegdom og si kraft,
II P NorSMB 1:4  og dermed hev gjeve oss dei største og dyraste lovnader, for at de ved deim skulde verta luthavande i guddomleg natur, med di de flyr frå den tyning i verdi som kjem av lysti:
II P NorSMB 1:5  so gjer dykk og just difor all umak, og vis i trui dykkar dygd, og i dygdi skynsemd,
II P NorSMB 1:6  og i skynsemdi fråhald, og i fråhaldet tolmod, og i tolmodet gudlegdom,
II P NorSMB 1:7  og i gudlegdomen broderkjærleik, og i broderkjærleiken kjærleik til alle.
II P NorSMB 1:8  For når desse ting finst hjå dykk og fær veksa, då viser dei at de ikkje er yrkjelause eller fruktlause i kunnskapen um vår Herre Jesus Kristus.
II P NorSMB 1:9  For den som ikkje hev desse ting, han er blind, dimsynt og hev gløymt reinsingi frå sine fyrre synder.
II P NorSMB 1:10  Difor, brør, legg so mykje meir vinn på å gjera dykkar kall og utveljing fast; for når de gjer desse ting, skal de ikkje nokon gong snåva.
II P NorSMB 1:11  For soleis skal det rikleg verta gjeve dykk inngang i vår Herre og frelsar Jesu Kristi ævelege rike.
II P NorSMB 1:12  Difor kjem eg alltid til å minna dykk um dette, endå de veit det og er grunnfeste i den sanning som er hjå dykk.
II P NorSMB 1:13  Like vel held eg det for rett å vekkja dykk ved påminning, so lenge eg er i denne hytta,
II P NorSMB 1:14  sidan eg veit at eg brått skal leggja ned hytta mi, so som og vår Herre Jesus Kristus hev varsla meg.
II P NorSMB 1:15  Men eg vil og leggja vinn på at de alltid etter min burtgang kann minnast dette.
II P NorSMB 1:16  For det var ikkje klokt uttenkte eventyr me fylgde, då me kunngjorde dykk vår Herre Jesu Kristi magt og tilkoma, men me hadde vore augvitne til hans storvelde.
II P NorSMB 1:17  For han fekk æra og herlegdom av Gud Fader, ei slik røyst kom til honom frå den høgste herlegdomen: «Dette er son min, som eg elskar, som eg hev hugnad i.»
II P NorSMB 1:18  Og denne røysti høyrde me koma frå himmelen, då me var saman med honom på det heilage fjellet.
II P NorSMB 1:19  Og dess fastare hev me det profetiske ordet, og de gjer vel i å agta på det som på eit ljos som skin på ein myrk stad, til dess dagen lyser fram, og morgonstjerna renn upp i hjarto dykkar,
II P NorSMB 1:20  men di de fyrst og fremst veit dette, at inkje profetord i skrifti er gjeve til eigi tyding.
II P NorSMB 1:21  For aldri er noko profetord framkome av mannevilje; men dei heilage Guds menner tala, drivne av den Heilage Ande.