Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
II TIMOTHY
1 2 3 4
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 1
II T NorSMB 1:1  Paulus, ved Guds vilje Kristi Jesu apostel til å forkynna lovnaden um livet i Kristus Jesus,
II T NorSMB 1:2  til Timoteus, min kjære son: Nåde, miskunn, fred frå Gud Fader og Kristus Jesus, vår Herre!
II T NorSMB 1:3  Eg takkar Gud, som eg alt frå forfederne tener i eit reint samvit, liksom eg uavlatande kjem deg i hug i mine bøner natt og dag,
II T NorSMB 1:4  og når eg hugsar dine tåror, lengtar eg etter å sjå deg, so eg kann verta fyllt med gleda,
II T NorSMB 1:5  då eg er mint um den skrymtlause trui som er i deg, den som fyrst budde i Lois, mormor di, og i Eunike, mor di, og som eg er viss på bur i deg og.
II T NorSMB 1:6  Difor minner eg deg um å kveikja upp att den Guds nådegåva som er i deg ved mi handpåleggjing.
II T NorSMB 1:7  For Gud gav oss ikkje ei ande som verkar modløysa, men ein som verkar kraft og kjærleik og umtanke.
II T NorSMB 1:8  Skjemmast difor ikkje ved vår Herres vitnemål eller ved meg, hans fange, men lid vondt med meg for evangeliet i Guds kraft!
II T NorSMB 1:9  han som frelste oss og kalla oss med eit heilagt kall, ikkje etter våre gjerningar, men etter si eigi rådgjerd og den nåden som er oss gjeven i Kristus Jesus frå ævelege tider,
II T NorSMB 1:10  men no er openberra ved vår frelsar Jesu Kristi openberring, han som gjorde dauden til inkjes og førde liv og uforgjengelegdom fram for ljoset ved evangeliet;
II T NorSMB 1:11  og for det vart eg sett til forkynnar og apostel og lærar for heidningar.
II T NorSMB 1:12  Difor lid eg og dette, men eg skjemmest ikkje ved det; for eg veit kven eg hev sett mi tru til, og eg er viss på at han er megtig til å taka vare på det som er yvergjeve til meg, til hin dagen.
II T NorSMB 1:13  Hav til fyredøme dei heilsame ordi som du høyrde av meg, i tru og kjærleik i Kristus Jesus!
II T NorSMB 1:14  Tak vare på den fagre skatt som er yvergjeven til deg, ved den Heilage Ande, som bur i oss!
II T NorSMB 1:15  Du veit dette, at alle dei i Asia vende seg frå meg, og millom dei er Fygelus og Hermogenes.
II T NorSMB 1:16  Herren vise miskunn mot Onesiforus’ hus! for han hugga meg ofte og skjemdest ikkje ved mine lekkjor.
II T NorSMB 1:17  Men då han var komen til Rom, leita han med stor umak etter meg og fann meg.
II T NorSMB 1:18  Herren gjeve at han må finna miskunn hjå Herren på hin dagen! Og kor mykje han tente meg i Efesus, det veit du best.