II TIMOTHY
Chapter 2
II T | NorSMB | 2:2 | Og det som du hev høyrt av meg i nærvære av mange vitne, gjev det yver til trufaste menneskje, som er duglege til ogso å læra andre! | |
II T | NorSMB | 2:4 | Ingen som gjer hertenesta, fløkjer seg inn i livsens syslor, so han kann tekkjast herføraren. | |
II T | NorSMB | 2:5 | Men um ein og strider i tevling, so fær han då ikkje kransen dersom han ikkje strider retteleg. | |
II T | NorSMB | 2:8 | Kom Jesus Kristus i hug, som er uppvekt frå dei daude, av Davids ætt, etter mitt evangelium, | |
II T | NorSMB | 2:9 | det som eg lid vondt for like til dette å vera bunden som ein illgjerdsmann; men Guds ord er ikkje bunde. | |
II T | NorSMB | 2:10 | Difor toler eg alt for dei utvalde skuld, for at dei og skal vinna frelsa i Kristus Jesus med æveleg herlegdom. | |
II T | NorSMB | 2:14 | Minn um dette, med di du vitnar for Herrens åsyn, at dei ikkje må liggja i ordstrid, som ikkje er til noko gagn, men til undergang for dei som høyrer på! | |
II T | NorSMB | 2:15 | Legg vinn på å framstella deg sjølv som sannrøynd for Gud, ein arbeidar som ikkje tarv skjemmast, med di du lærer sannings-ordet retteleg! | |
II T | NorSMB | 2:16 | Men haldt deg frå det vanheilage tome svall! for dei gjeng alltid lenger i gudløysa, | |
II T | NorSMB | 2:17 | og ordi deira kjem til å eta um seg som daudkjøt; millom deim er Hymenæus og Filetus, | |
II T | NorSMB | 2:18 | som hev fare vilt frå sanningi, med di dei segjer at uppstoda alt hev vore, og dei riv ned trui hjå sume. | |
II T | NorSMB | 2:19 | Men Guds faste grunnvoll stend og hev dette innsigle: «Herren kjenner sine,» og: «Kvar den som nemner Herrens namn, skal vika frå urettferd.» | |
II T | NorSMB | 2:20 | Men i eit stort hus er det ikkje berre kjerald av gull og sylv, men og av tre og leir, og nokre til æra, andre til vanæra. | |
II T | NorSMB | 2:21 | Um nokon då held seg rein frå desse, so skal han vera eit kjerald til æra, helga og nytlegt for husbonden, tilreidt til all god gjerning. | |
II T | NorSMB | 2:22 | Men fly frå dei ungdomslege lyster, og trå etter rettferd, tru, kjærleik, fred med deim som påkallar Herren av eit reint hjarta! | |
II T | NorSMB | 2:23 | Og vis ifrå deg dei dårlege og fåvise stridsspursmål, då du veit at dei føder strid! | |
II T | NorSMB | 2:24 | Men ein Herrens tenar må ikkje strida, men vera mild imot alle, dugleg til å læra frå seg, viljug til å tola vondt, | |
II T | NorSMB | 2:25 | so han med spaklynde tuktar dei som segjer imot, um Gud då ein gong vilde gjeva deim umvending, so dei kunde kjenna sanningi, | |