Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JUDGES
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 15
Judg NorSMB 15:1  Då det leid um ei tid, og dei hadde teke til med kveiteskurden, kom Samson og vilde lydast til kona si. Han hadde med seg eit kid, og sagde: «Lat meg få koma inn i kammerset til kona mi!» Men far hennar vilde ikkje gjeva honom lov til det.
Judg NorSMB 15:2  «Eg tenkte so visst at du ikkje lika henne meir,» sagde faren, «og so gav eg henne til brursveinen din. Kann du ’kje taka den yngre systeri i staden? ho er då mykje vænare!»
Judg NorSMB 15:3  Då sagde Samson: «Denne gongen er eg saklaus, um eg gjer filistarane vondt!»
Judg NorSMB 15:4  Han gjekk av og fanga tri hundrad revar, fann seg tyrespikar, snudde reverovarne i hop mot kvarandre, tvo og tvo, og feste ei spik millom kvart rovepar.
Judg NorSMB 15:5  So kveikte han eld i spikarne, og slepte revarne inn på åkrane åt filistarane. Soleis brende han upp alt kornet dei hadde ute, både skore og uskore, og alle vinhagar og oljetre.
Judg NorSMB 15:6  Då spurde filistarane: «Kven hev gjort dette?» «Samson, mågen åt Timna-mannen,» vart det svara. «Det var for di verfaren hadde teke kona hans og gjeve til brursveinen.» So for filistarane derupp, og brende inne både kona og far hennar.
Judg NorSMB 15:7  Då sagde Samson til deim: «Fer de soleis åt, so skal eg visst ikkje kvila fyrr eg fær hemnt meg på dykk.»
Judg NorSMB 15:8  So slo han deim so dei stupte i kross og i krok, og det vart eit stort mannefall på deim. Sidan for han ned til Etamdjuvet, og gav seg til der.
Judg NorSMB 15:9  Då kom filistarane upp i Judafylket, og lægra seg der, og spreidde seg utyver i Lehi.
Judg NorSMB 15:10  Og Juda-mennerne sagde: «Kvi kjem de hit og tek på oss?» «Me vil binda Samson og gjera like eins mot honom som han hev gjort mot oss,» svara dei.
Judg NorSMB 15:11  So for tri tusund mann av Juda-ætti ned til Etamdjuvet, og sagde til Samson: «Veit du ’kje at filistarane råder her i landet? Kvi hev du då gjort oss dette?» «Som dei gjorde mot meg, so hev eg gjort mot deim,» svara han.
Judg NorSMB 15:12  Då sagde dei: «Me er komne hit for å binda deg og gjeva deg i henderne på filistarane.» «Lova meg at ikkje de vil slå meg i hel!» sagde Samson.
Judg NorSMB 15:13  «Nei, me vil berre binda deg og gjeve deg i henderne deira; me vil ikkje drepa deg,» svara dei. So batt dei honom med tvo nye reip, og førde honom upp or djuvet.
Judg NorSMB 15:14  Då han kom til Lehi, sprang filistarane imot honom med glederop. Då kom Herrens ande yver honom, og reipi på armarne hans vart som brend tråd; bandi datt av henderne hans, som dei var morkna.
Judg NorSMB 15:15  So fann han eit friskt kjakebein av eit asen; det greip han og slo i hel tusund mann med det.
Judg NorSMB 15:16  Då kvad han: «Med asenkjaken eg ein hop og tvo, med asenkjaken tusund mann eg slo.»
Judg NorSMB 15:17  Då han hadde kvede dette, kasta han kjakebeinet frå seg, og sidan hev dei kalla den staden Kjakebeinshaugen.
Judg NorSMB 15:18  Men so vart han so brennande tyrst. Då ropa han til Herren og sagde: «Du hev hjelpt tenaren din til å vinna denne store sigeren! Skal eg no døy av torste og falla i henderne på dei u-umskorne?»
Judg NorSMB 15:19  Då opna Gud den hola som er i Lehi, og det rann vatn utor henne, so han fekk drikka; då rådde han atti, og kvikna til. Difor kalla dei den kjelda Roparkjelda; ho er endå i Lehi.
Judg NorSMB 15:20  Samson styrde Israel i tjuge år; det var i filistartidi.