Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
REVELATION OF JOHN
Prev Up Next
Chapter 16
Reve NorSMB 16:1  Og eg høyrde ei høg røyst frå templet, som sagde til dei sju englarne: «Gakk og tøm dei sju skålerne med Guds vreide ut på jordi!»
Reve NorSMB 16:2  Og den fyrste gjekk og tømde si skål på jordi; og det kom ein vond og våleg svoll på dei menneskje som hadde merket åt dyret, og som tilbad bilætet av det.
Reve NorSMB 16:3  Og den andre engelen tømde si skål i havet, og det vart til blod som av ein daud mann, og kvar livande sjæl i havet døydde.
Reve NorSMB 16:4  Og den tridje engelen tømde si skål i elvarne og vatskjeldorne, og det vart til blod.
Reve NorSMB 16:5  Og eg høyrde engelen yver vatni segja: «Rettferdig er du som er og som var, du heilage, at du hev halde slik dom.
Reve NorSMB 16:6  For blod av heilage og av profetar rende dei ut, og blod gav du deim å drikka; for dei er det verde.»
Reve NorSMB 16:7  Og eg høyrde altaret segja: «Ja, Herre Gud, du allmegtige! Sanne og rettferdige er dine domar!»
Reve NorSMB 16:8  Og den fjorde engelen tømde si skål på soli, og ho fekk magt til å brenna menneski med eld.
Reve NorSMB 16:9  Og menneski vart brende av stor hite, og dei spotta Guds namn, hans som hev magt yver desse plågorne, og dei vende ikkje um, so dei gav honom æra.
Reve NorSMB 16:10  Og den femte engelen tømde si skål yver kongsstolen til dyret; og riket til det vart formyrkt, og dei togg tungorne sine av pinsla,
Reve NorSMB 16:11  og dei spotta Gud i himmelen for pinslorne sine og svollarne sine, og vende ikkje um frå sine gjerningar.
Reve NorSMB 16:12  Og den sette engelen tømde si skål i den store elvi Eufrat, og vatnet hennar turka upp, so vegen skulde verta rudd for kongarne frå Austerland.
Reve NorSMB 16:13  Og eg såg at det or munnen på draken og or munnen på dyret og or munnen på den falske profeten kom ut tri ureine ånder liksom paddor.
Reve NorSMB 16:14  For dei er djevle-ånder som gjer teikn, og dei gjeng ut til kongarne i heile mannheimen til å sanka deim saman til striden på den store dagen åt Gud den allmegtige.
Reve NorSMB 16:15  Sjå, eg kjem som ein tjuv! Sæl er den som vaker og vaktar klædi sine, so han ikkje skal ganga naken, og dei skal sjå hans skam!
Reve NorSMB 16:16  Og han førde deim saman til den stad som heiter på hebraisk Harmageddon.
Reve NorSMB 16:17  Og den sjuande engelen tømde si skål i lufti, og ei høg røyst kom ut frå templet i himmelen, frå kongsstolen, og sagde: «Det er gjort!»
Reve NorSMB 16:18  Og der kom ljoneldar og røyster og toredunar, og det vart ein stor jordskjelv, ein slik at det, alt sidan menneskja vart til på jordi, ikkje hev vore ein sovoren jordskjelv, so stor.
Reve NorSMB 16:19  Og den store byen vart kløyvd i tri partar, og byarne åt folki fall, og Babylon, den store, vart ihugkomi for Gud, at han skulde gjeva henne skåli med vinen av sin strenge vreide.
Reve NorSMB 16:20  Og kvar øy kvarv burt, og fjell vart ikkje funne.
Reve NorSMB 16:21  Og stort hagl, som hundrad pund tungt, fall ned frå himmelen på menneski, og menneski spotta Gud for plåga av haglet; for den plåga var ovleg stor.