Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
SONG OF SOLOMON
1 2 3 4 5 6 7 8
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 2
Song NorSMB 2:1  «Ein engblom frå Saron er eg, ei lilja frå dalom.»
Song NorSMB 2:2  «Ja, som ei lilja i klunger-holt millom møyar min hugnad er.»
Song NorSMB 2:3  «Liksom ein apall, i skogen stend er venen min millom sveinar. Eg sitje so ljuvt i skuggen hans, og søt er frukti i munn.
Song NorSMB 2:4  Inn i vinhuset hev han meg ført, og hans merke yver meg det er kjærleik.
Song NorSMB 2:5  Å, styrk meg med druvekakor, med eple meg kveik! For eg er sjuk av kjærleik.
Song NorSMB 2:6  Hans vinstre hand er under mitt hovud, med den høgre femner han meg.
Song NorSMB 2:7  Eg hjarteleg bed dykk, Jerusalems døtter, ved gasellor og hindar i skog, at ikkje de vekkje eller eggje kjærleik, fyrr sjølv han so vil!»
Song NorSMB 2:8  «Høyr! Min ven! Sjå der, han kjem! Yver fjelli, sjå, han sprett, yver haugarne han renn.
Song NorSMB 2:9  Min ven ei gasella er lik eller som ungan hjort. Sjå der! No han stend attum vår vegg. Gjenom glyttom ser han inn.
Song NorSMB 2:10  Han tek til min ven å tala til meg: «Du, min hugnad, statt upp, du, mi fagre, kom ut!
Song NorSMB 2:11  For sjå, no er vinteren slutt, regnet hev kvorve burt.
Song NorSMB 2:12  Du ser blomarne sprett utpå voll. D’er det bilet dei vintrei skjer, og turtelduva ho syng i vårt land.
Song NorSMB 2:13  Fiketreet skyt frukt, vintrei stend alt i blom med angande dåm, du, min hugnad, statt upp, du, mi fagre, kom!
Song NorSMB 2:14  Du, mi duva, i bergeskard, som i fjellveggen sit, lat ditt andlit meg sjå, lat meg høyra ditt mål, for ditt mål er so ljuvt, og ditt andlit so vænt.»
Song NorSMB 2:15  «Fare av og revarne slå, dei revarne små, som i hagom mun gå, for hagarne no, dei tek til å gro.»
Song NorSMB 2:16  Min ven er min, og eg er hans, han som gjæter millom liljor.»
Song NorSMB 2:17  «Skrid du, min ven, til dagen vert sval, og skuggarne flyr, ei gasella lik eller ungan hjort uppi skardefjellom.»