SONG OF SOLOMON
Chapter 4
Song | NorSMB | 4:1 | «Å, kor du er fager, min hugnad, kor du er fager! Dine augo er duvor, glytter fram attum slør. Ditt hår er ein geiteflokk likt, ned Gilead renn. | |
Song | NorSMB | 4:2 | Dine tenner som nyklypte sauer, nett komne frå laug. Tvillingar alle dei hev, og utan lamb er ingen. | |
Song | NorSMB | 4:3 | Dine lippor ei purpursnor er, og so ljuv er din munn. Som eit granateple-brot er din tinning glytter fram attum slør. | |
Song | NorSMB | 4:4 | Som Davids-tårnet din hals, for stridsfolk bygt; tusund skjoldar på det heng, alle skjoldar åt kjemporne. | |
Song | NorSMB | 4:6 | Til dess dagen vert sval, og skuggarne flyr, til Myrra-berg skrid eg min veg og til røykjelse-haugen. | |
Song | NorSMB | 4:8 | «Med meg frå Libanon, brur, med meg frå Libanon kom! Stig fram frå Amanas tind, frå Senir og Hermons topp, frå løveheimar og panterfjell. | |
Song | NorSMB | 4:9 | Du hev trylt meg, mi syster, mi brur, du trylt meg med eit einaste augnekast, med ei einaste lekk i din halsring. | |
Song | NorSMB | 4:10 | Kor fager er din elskhug, mi syster, mi brur, kor tjuvleg din elskhug framum vin, kor dei angar dine salvar framum balsam all. | |
Song | NorSMB | 4:11 | Av honning dryp dine lippor, mi brur, tunga di gøymer honning og mjølk, dine klæde hev ein dåm som frå Libanon sjølv. | |
Song | NorSMB | 4:14 | med narde, safran, kalmus, kanel og dåmurt av alle slag, myrra og aloe og dei beste av alle slag kryddor, | |