AMOS
Chapter 1
Amos | NorSMB | 1:1 | Ord av Amos, ein av hyrdingarne frå Tekoa, som han såg i sine syner um Israel i dei dagarne då Uzzia var konge i Juda og Jeroboam Joasson konge i Israel, tvo år fyre jordskjelven. | |
Amos | NorSMB | 1:2 | Han sagde: Herren burar frå Sion, frå Jerusalem gjallar hans mål. Då sturer dei hyrding-lider, og Karmels hovud vert svidd. | |
Amos | NorSMB | 1:3 | So segjer Herren: For trifald misgjerd av Damask og for firfald eg ikkje meg attrar. For di dei Gilead treskte med sledar av jarn, | |
Amos | NorSMB | 1:5 | So bryt eg bommen til Damask og tyner Bikat-Avens folk og kongsstavmannen i Bet-Eden, og Aram skal drivast burt til Kir, segjer Herren. | |
Amos | NorSMB | 1:6 | So segjer Herren: For trifald misgjerning av Gaza og for firfald eg ikkje meg attrar. For di dei heile grender dreiv ut og gav deim i Edoms vald, | |
Amos | NorSMB | 1:8 | so tyner eg Asdods folk og Askalons kongsstavs-mann. Mot Ekron eg retter mi hand, slær filistarn’ til siste mann, segjer Herren, Herren. | |
Amos | NorSMB | 1:9 | So segjer Herren: For trifald misgjerd av Tyrus, for firfald eg ikkje meg attrar. For di heile grender til Edom dei dreiv og ikkje på brødrabandet gav gaum, | |
Amos | NorSMB | 1:11 | So segjer Herren: For trifald misgjerd av Edom, for firfald eg ikkje meg attrar. For di han elte bror sin med sverd og kjøvde sin samhug, men vreiden jamt i han øydde, og han æveleg gøymde sin harm, | |
Amos | NorSMB | 1:13 | So segjer Herren: For trifald misgjerd av Ammons-borni og for firfald eg ikkje meg attrar. For di dei i Gilead konor med barn skar upp, då dei vilde auka sitt land, | |
Amos | NorSMB | 1:14 | So kveikjer eg eld i Rabbas mur, han skal øyda deira borger, medan herropet dunar i striden, og eit hardver på stormdagen blæs, | |