AMOS
Chapter 5
Amos | NorSMB | 5:2 | «Ho falli er, ris aldri upp meir, den møy Israel; slengd til jord i sit eige land. Ingen reiser ho upp.» | |
Amos | NorSMB | 5:3 | For so segjer Herren, Herren: Ein by sender tusund ut, fær hundrad att, sender ho hundrad ut, fær tie att til Israels hus. | |
Amos | NorSMB | 5:5 | Men aldri de søkje til Betel, til Gilgal aldri kom, og gakk ikkje til Be’erseba! For Gilgal burt skal førast, og Betel vert upp i tjon. | |
Amos | NorSMB | 5:6 | Søk Herren, so skal de liva! Elles kjem han som eld yver Josefs hus; det brenn, og ingen sløkkjer for Betel. | |
Amos | NorSMB | 5:8 | Han som skapte Sjustjerna og Orion, og gjer kolmyrkret til morgon, gjer dagen til svarte natt, han som kallar på vatnet i havet og auser det ut yver jordi - Herren er hans namn. | |
Amos | NorSMB | 5:11 | Difor, då småfolk de trakkar ned og kornleiga driv av deim ut - vel hev de hogt stein og bygt hus, men de skal ikkje sjølv der bu. De hev fagre vinhagar stelt, men de skal ikkje drikka deira vin. | |
Amos | NorSMB | 5:12 | For eg veit um synderne dykkar so mange og misgjerder utan tal; de trykkjer den skuldlause, tek imot mutor, ein arming for retten de svik. | |
Amos | NorSMB | 5:14 | Legg vinn på godt og ikkje på vondt, so de kann liva. Då vera med dykk Herren, allhers Gud, som de hev sagt. | |
Amos | NorSMB | 5:15 | Hata vondt og elska godt, haldt retten uppe på tinget! Kann henda Herren, allhers Gud, då er nådig mot Josefs leivning. | |
Amos | NorSMB | 5:16 | Difor, so segjer Herren, allhers Gud, Herren: Det er liksong på alle torg, og på alle gator dei ropar: «Ai, ai!» Bonden dei bed til gravøl, og til liksong deim som kann kveda. | |
Amos | NorSMB | 5:18 | Ai dykk som trår etter Herrens dag! Kva er han for dykk, Herrens dag? Han er myrker og ikkje ljos. | |
Amos | NorSMB | 5:19 | Som når du undan ei løva spring og møter ein bjørn, du kjem heim og styd handi mot veggen, og so bit deg ein orm. | |
Amos | NorSMB | 5:22 | ja, um de meg brennoffer gjev og grjonoffer, det hugar ikkje meg. Eg gjev ikkje på gjødkalve-offer gaum. | |
Amos | NorSMB | 5:26 | Og bar det då Sukkot, dykkar konge, og Kijun, dykkar bilæte, dykkar gudestjerna, som de hadde gjort dykk? | |