AMOS
Chapter 3
Amos | NorSMB | 3:1 | Høyre dette ordet som Herren hev tala imot dykk, de Israels søner, mot heile den ætti som eg hev ført upp frå Egyptarland: | |
Amos | NorSMB | 3:2 | Dykk einast kannast ved av alle ætter på jordi. Difor eg heimsøkjer dykk for alt det vonde de hev gjort. | |
Amos | NorSMB | 3:4 | Tru løva burar i skogen utan eit rov det gjeld? Let ungløva høyra sitt mål, når i hola ho ligg, utan ho fengdi fekk? | |
Amos | NorSMB | 3:5 | Tru fuglen i snara på jordi fell, utan at snara er uppsett? Tru vel at glefsa sprett att, utan at noko sit fast? | |
Amos | NorSMB | 3:6 | Eller ljomar luren i by, utan at folket fær støkk? Eller hender ulukka i by, utan at Herren hev gjort det? | |
Amos | NorSMB | 3:7 | For ikkje gjer Herren, Herren nokon ting, utan han tenarom sine, profetom, forkynner si løynråd. | |
Amos | NorSMB | 3:8 | Når løva mun bura, kven må ikkje ræddast? Når han talar Herren, Herren, kven vert ikkje då profet? | |
Amos | NorSMB | 3:9 | Rope ut yver Asdod borger og yver borger i Egyptarland: «Dykk samle på Samariafjelli og sjå kor fælt eit ståk der er, og valdsverk som der råder!» | |
Amos | NorSMB | 3:10 | Dei hev ikkje vit på framferd rett, segjer Herren, dei som haugar valdsverk og tjon i borgerne sine i hop. | |
Amos | NorSMB | 3:11 | Difor, so segjer Herren, Herren: Fiendar herset ditt land. Di magt skal støytast i knas, dine borger plundrast. | |
Amos | NorSMB | 3:12 | So segjer Herren: Som hyrdingen friar frå løvegap eit par bein ell’ ein øyrelapp, so bergast dei skal, dei Israels-søner, som i Samaria sit i sofa-krå, på putebenk. | |
Amos | NorSMB | 3:14 | Den dagen eg straffar Israel brot, då straffar eg Betels altar, og altarhorni vert hogne, og dei skal falla til jordi. | |