AMOS
Chapter 2
Amos | NorSMB | 2:1 | So segjer Herren: For trifald misgjerd av Moab, for firfald eg ikkje meg attrar. For di dei brende beini åt Edom-kongen til kalk, | |
Amos | NorSMB | 2:2 | so sender eg eld imot Moab, han skal øyda Kerijots borgar. Og i ståket Moab skal døy, med hergny og luraljod skrell. | |
Amos | NorSMB | 2:4 | So segjer Herren: For trifald misgjerd av Juda, for firfald eg ikkje meg attrar. Då dei vanvyrde Herrens lov og heldt ikkje bodordi hans, men let seg av lygn-gudar dåra, som federne fyrr hadde fylgt, | |
Amos | NorSMB | 2:6 | So segjer Herren: For trifald misgjerd av Israel og for firfald eg ikkje meg attrar. For sylv dei sel ein skuldlaus og ein arming for eit par skor, | |
Amos | NorSMB | 2:7 | dei som helst ser mold på ein stakkars hovud, og rengjer småfolks rett. Til same gjenta gjeng far og son til vanhelging for mitt heilage namn. | |
Amos | NorSMB | 2:8 | Og på pantsette klæde ved kvart eit altar dei ligg, og skadebots-vin dei drikk i huset til sin Gud. | |
Amos | NorSMB | 2:9 | Det var då eg som dreiv amoritarne frå deim, som høge som cedertre var, og sterke som eiker, men eg tynte alda i topp og roti i jord. | |
Amos | NorSMB | 2:10 | Det var eg som dykk førde frå Egyptarland og dykk leidde i villmarki fram gjenom fyrti år til å vinna Amorit-landet. | |
Amos | NorSMB | 2:11 | Eg vekte profetar av dykkar søner, naziræarar bland dykkar ungdomar. Er det ’kje so, de Israels-born? Segjer Herren. | |
Amos | NorSMB | 2:14 | Og den rappe kjem ingen stad av, og den sterke fær ’kje bruka si magt, og kjempa skal ’kje berga sitt liv. | |
Amos | NorSMB | 2:15 | Mannen med bogen er magtlaus, og lett på fot kann ’kje berga seg, og mannen på hest skal ’kje berga sitt liv. | |