Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
AMOS
1 2 3 4 5 6 7 8 9
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 6
Amos NorSMB 6:1  Ai dykk som sit trygge på Sion, utan sut på Samarias berg, dei fremste i det gjævaste folk, som fær vitjing av Israels hus!
Amos NorSMB 6:2  Drag burt til Kalne og sjå, og endå lenger, til Stor-Hamat fram, og stig ned til Gat i Filistarland! Er dei betre enn desse riki? Er deira land større enn dykkar?
Amos NorSMB 6:3  De som vond-dagen set på dør og valdsmannen sessar på stol.
Amos NorSMB 6:4  På filsbeins-sæte dei ligg, og late på pallen dei heng. Av fenaden lambi dei et, og gjødkalv-bingen gjev steik.
Amos NorSMB 6:5  Dei sullar til harpe-slått liksom David dei lagar seg spel.
Amos NorSMB 6:6  Av bollar drikk dei vin, og med dyraste olje seg salvar, dei sturar ikkje for Josefs skade.
Amos NorSMB 6:7  Difor skal desse vera fremst i den landlyste flokken, og letings-sullen vert slutt.
Amos NorSMB 6:8  Herren, Herren hev svore ved seg sjølv, segjer Herren, allhers Gud: Jakobs høgferd mislikar eg, eg hatar hans slott, og by og bol gjev eg upp.
Amos NorSMB 6:9  Og um det so berre var tie mann att i eitt einaste hus, dei skal døy.
Amos NorSMB 6:10  Og frenden og brennaren kjem til å bera beini or huset. Spør han so den som er inst inni huset: «Er det nokon att hjå deg?» Han svarar: «Nei,» so segjer han: «Hyss!» For ikkje må nemnast Herrens namn.
Amos NorSMB 6:11  For sjå, Herren byd: det store huset skal skakast i knas, og det vesle til dess at det brest.
Amos NorSMB 6:12  Tru hestarne spring i brattberg ikring, tru uksen på sjøen dreg plogen, sidan de til forgift brigdar retten og vender rettferd til malurt?
Amos NorSMB 6:13  I heimløyser hev dei si frygd, dei kved: «Var me ikkje hæve, at me hev vunne oss velde?»
Amos NorSMB 6:14  For sjå, eg reiser imot dykk, Israels hus, eit folk, segjer Herren, allhers Gud. Og det skal dykk slå, frå Hamats grensa til øydemarks å.