COLOSSIANS
Chapter 4
Colo | NorSMB | 4:1 | De herrar, gjer imot dykkar tenarar det som rett og rimelegt er, då de veit at de og hev ein Herre i himmelen! | |
Colo | NorSMB | 4:3 | Og bed for oss med, at Gud må opna oss ei dør for ordet til å forkynna Kristi løyndom, den som eg og er i lekkjor for, | |
Colo | NorSMB | 4:6 | Dykkar tale vere alltid tekkjeleg, krydda med salt, so de veit korleis de skal svara kvar og ein. | |
Colo | NorSMB | 4:7 | Kor det gjeng meg, det skal Tykikus kunngjera dykk alt saman, han min kjære bror og true medhjelpar og medtenar i Herren, | |
Colo | NorSMB | 4:8 | som eg sender til dykk just for dette, at de skal få vita korleis det er med oss, og han skal trøysta dykkar hjarto, | |
Colo | NorSMB | 4:9 | saman med Onesimus, den trune og kjære bror, som er ifrå dykk. Korleis det er her, det skal dei kunngjera dykk alt saman. | |
Colo | NorSMB | 4:10 | Aristarkus, min medfange, helsar dykk, og Markus, Barnabas’ systkinbarn, som de fekk påbod um - når han kjem til dykk, so tak imot honom! - | |
Colo | NorSMB | 4:11 | og Jesus som og er kalla Justus; desse er av dei umskorne dei einaste medarbeidarar for Guds rike som hev vorte meg til hugge. | |
Colo | NorSMB | 4:12 | Epafras helsar dykk, han som er ifrå dykk, ein Kristi Jesu tenar som alltid strider for dykk i sine bøner, at de må standa fullkomne og fullvisse i all Guds vilje; | |
Colo | NorSMB | 4:13 | for eg gjev honom det vitnemål, at han hev mykje stræv for dykk og deim i Laodikea og deim i Hierapolis. | |
Colo | NorSMB | 4:16 | Og når dette brevet er lese hjå dykk, so syt for at det og vert lese i kyrkjelyden hjå laodikearane, og at de fær lesa brevet frå Laodikea! | |
Colo | NorSMB | 4:17 | Og seg til Arkippus: «Tak vare på den tenesta som du hev motteke i Herren, so du fullfører henne!» | |