I SAMUEL
Chapter 27
I Sa | NorSMB | 27:1 | Men David sagde med seg sjølv: «Ein dag stupar eg for Sauls hand. Eg veit ingen annan utveg enn å røma til Filistarlandet; då lyt Saul slutta å leita etter meg innanfor Israelslandskilet; og so bergar eg meg undan honom.» | |
I Sa | NorSMB | 27:2 | So braut David upp og drog med dei seks hundrad kararne sine yver til Akis Maoksson, kongen i Gat. | |
I Sa | NorSMB | 27:3 | Og David heldt seg hjå Akis i Gat, han og kararne hans, alle med huslyden sin, David med dei tvo konorne sine; Ahinoam frå Jizre’el og Abiga’il, kona hans Nabal frå Karmel. | |
I Sa | NorSMB | 27:5 | David sagde til Akis: «Hev du aldri so liten godvilje for meg, so lat meg få bu i ein av landsbyarne, so eg kann halda meg der. Kvifor skulde tenaren din bu i hovudstaden hjå deg?» | |
I Sa | NorSMB | 27:6 | Akis gav honom Siklag same dagen. Difor høyrer Siklag den dag i dag til Juda-kongarne. | |
I Sa | NorSMB | 27:8 | David tok ut med kararne sine og gjorde herjeferder hjå gesuritarne, girzitarne og amalekitarne. For desse folkeætterne budde der i landet frå gamalt, burtimot Sur og heilt til Egyptarland. | |
I Sa | NorSMB | 27:9 | Og når David herja i landet, sparde han korkje kar eller kvende; han tok bufe og smale og asen og kamelar og klæde. Og dermed snudde han attende til Akis. | |
I Sa | NorSMB | 27:10 | Når då Akis spurde: «I dag hev de vel ikkje gjort nokor herjeferd?» so svara David: «Jau, sør i Judalandet,» eller: «Sør i Jerahme’eitlandet», eller: «Sør i Kenitarlandet.» | |
I Sa | NorSMB | 27:11 | Ingi livande sjæl sparde David, so dei kunde koma til Gat. For han tenkte: «Dei kunde slarva um oss og segja: «Det og det hev David gjort; soleis hev han fare åt heile tidi han budde i Filistarlandet.»» | |