Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
II KINGS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 22
II K NorSMB 22:1  Åtte år gamall var Josia då han vart konge; eitt og tretti år rådde i Jerusalem. Mor hans heitte Jedida Adajadotter, frå Boskat.
II K NorSMB 22:2  Han gjorde det som rett for Herren, og fylgde i alt fotefari til David, far sin. Han tok ikkje or leidi, anten til høgre eller vinstre.
II K NorSMB 22:3  I attande styringsåret åt kong Josia sende kongen riksskrivaren Safan, son åt Asalja Mesullamsson, upp til Herrens hus og sagde:
II K NorSMB 22:4  «Gakk upp til øvstepresten Hilkia, og bed honom rekna i hop dei pengarne som er innkomne i Herrens hus, som dørstokkvakti hev samla inn hjå folket;
II K NorSMB 22:5  og fli deim åt tilsynsmennerne for arbeidarane ved Herrens hus, so dei som arbeider i Herrens hus må få deim til å bøta bresterne i huset:
II K NorSMB 22:6  timbremennerne, byggsmeistrarne og murarane, til innkjøp av trevyrke og hoggen stein til å setja huset i stand.
II K NorSMB 22:7  Dei skal ikkje krevja rekneskap av deim for pengarne dei tek imot; dei skal få gjera det på tru og æra.»
II K NorSMB 22:8  Då sagde øvstepresten Hilkia til riksskrivaren Safan: «Eg hev funne lovboki i Herrens hus.» Og Hilkia gav boki til Safan, og han las henne.
II K NorSMB 22:9  So gjekk Safan, riksskrivaren, til kongen og gav kongen melding og sagde: «Tenarane dine hev tømt ut alle pengarne som fanst i huset, og gjeve demi til tilsynmennerne for arbeidet i Herrens hus.»
II K NorSMB 22:10  Og so fortalde riksskrivaren Safan kongen: «Presten Hilkia gav meg ei bok.» Og Safan las henne upp for kongen.
II K NorSMB 22:11  Då kongen fekk høyra ordi i lovboki, reiv han sund klædi sine.
II K NorSMB 22:12  Og kongen baud presten Hilkia og Ahikam Safansson og Akbor Mikajason og riksskrivaren Safan og kongstenaren Asaja:
II K NorSMB 22:13  «Gakk og spør Herren for meg og folket og heile Juda um det som stend i denne boki som er funni! Stor er Herrens harm, som hev loga upp mot oss, av di federne ikkje hev vore lyduge mot ordi i denne boki og ikkje hev gjort etter alt det som er fyreskrive.»
II K NorSMB 22:14  So gjekk presten Hilkia og Ahikam og Akbor og Safan og Asaja og spurde profetkvinna Hukda, kona åt klædevaktaren Sallum, son åt Tikva Harhasson; ho budde i nybyen i Jerusalem.
II K NorSMB 22:15  Ho svara deim: «So segjer Herren, Israels Gud: «Seg med honom som sende dykk til meg:
II K NorSMB 22:16  So segjer Herren: Sjå, eg sender ulukka yver denne staden og yver folket her, alt det som stend i boki som Juda-kongen las,
II K NorSMB 22:17  til straff for at dei hev vendt seg frå meg og brent røykjelse for andre gudar og harma meg med alle sine verk; harmen min logar mot denne staden og sloknar ikkje.
II K NorSMB 22:18  Men med Juda-kongen, som sende dykk til å spyrja Herren, skal de segja so: So segjer Herren, Israels Gud, um dei ordi du høyrde:
II K NorSMB 22:19  Av di hjarta ditt vart mjukt, og du bøygde deg for Herrens åsyn då du høyrde det eg hev tala mot denne staden og folket her, at dei skal verta til rædsla og forbanning, av di du reiv sund klædi dine og gret for mi åsyn, so hev eg og høyrt, segjer Herren.
II K NorSMB 22:20  Difor let eg deg samlast til federne dine og koma i fred i gravi di, og augo dine skal sleppa å sjå all den ulukka eg sender yver denne staden.»» Og dei kom att til kongen med dette svaret.