II KINGS
Chapter 17
II K | NorSMB | 17:1 | I det tolvte styringsåret åt Ahaz, kongen i Juda, vart Hosea Elason konge yver Israel, og han rådde i ni år. | |
II K | NorSMB | 17:2 | Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, då ikkje so ille som Israels-kongarne fyre honom. | |
II K | NorSMB | 17:3 | Mot honom drog assyrarkongen Salmanassar upp. Hosea vart lydkonge under honom og laut leggja skatt åt honom. | |
II K | NorSMB | 17:4 | Men då assyrarkongen vart vis med at Hosea for med svik, med di han sende bod til egyptarkongen So, og slutta greida ut den årvisse skatten til assyrarkongen, tok assyrarkongen honom til fange og kasta honom i fengsel. | |
II K | NorSMB | 17:5 | Og assyrarkongen drog upp mot heile landet, og drog upp og kringsette Samaria i tri år. | |
II K | NorSMB | 17:6 | I niande styringsåret åt Hosea tok han Samaria og førde Israel burt til Assyria og busette deim i Halah, ved Gozanåi Habor, og i byarne i Media. | |
II K | NorSMB | 17:7 | Soleis gjekk det, av di Israels-borni synda mot Herren, sin Gud, han som hadde ført deim upp frå Egyptarlandet og fria deim ut or handi åt Farao, egyptarkongen; dei ottast andre gudar, | |
II K | NorSMB | 17:8 | og for etter sed og skikk hjå dei folki Herren hadde drive ut for Israels-borni, og etter dei skikkarne som Israels-kongarne hadde skipa. | |
II K | NorSMB | 17:9 | Ja, Israels-borni gjorde mangt uhøvelegt mot Herren, sin Gud; dei bygde seg offerhaugar i alle byarne sine, frå det minste vakttårn til fastaste borgi; | |
II K | NorSMB | 17:10 | dei reiste upp minnesteinar og Astarte-stolpar på kvar ein høg haug og under kvart grønt tre. | |
II K | NorSMB | 17:11 | På alle haugarne brende dei røykjelse, liksom dei folki Herren hadde drive burt for deim, og dei harma Herren med si illferd. | |
II K | NorSMB | 17:13 | Herren vara både Israel og Juda ved alle profetarne og sjåarane sine: «Vend um frå dei vonde vegarne dykkar og haldt mine bod og mine fyreskrifter etter heile den lovi som eg baud federne dykkar, og som eg sende til dykk ved tenarane mine, profetarne!» | |
II K | NorSMB | 17:14 | Men dei lydde ikkje. Dei var likso hardnakka som federne sine, som ikkje trudde på Herren, sin Gud. | |
II K | NorSMB | 17:15 | Dei vanda lovarne hans, brydde seg ikkje um den pakti han hadde skipa med federne deira, og dei fyresegnerne han hadde gjeve deim. Dei gjekk etter fåfengde avgudar og for med det som fåfengt er, liksom grannefolki, endå Herren hadde bode deim at dei skulde ikkje fara soleis åt. | |
II K | NorSMB | 17:16 | Dei vende seg frå alle bodi som Herren, deira Gud, hadde gjeve, og laga seg støypte gudebilæte, tvo kalvar. Dei laga Astarte-stolpar, dei bøygde kne for himmelheren og tente Ba’al. | |
II K | NorSMB | 17:17 | Attåt dette vigde dei sønerne og døtterne sine i elden, og for med spådomskunster og trollkunster. Dei selde seg til å gjera det som vondt var i Herrens augo, so dei harma honom. | |
II K | NorSMB | 17:18 | Difor vart Herren ovleg harm på Israel og støytte deim frå seg. Det vart inkje att einast Juda-ætti. | |
II K | NorSMB | 17:19 | Ikkje heller Juda heldt Herrens, sin Guds bod, men for etter Israels skikkar, som dei hadde skipa seg. | |
II K | NorSMB | 17:20 | Då støytte Herren frå seg heile Israels-ætti, og tukta deim og gav deim i henderne på røvarar, til dess han kasta deim burt frå si åsyn. | |
II K | NorSMB | 17:21 | Han hadde rive Israel laus frå Davids hus; dei tok Jerobeam Nebatsson til konge; og Jeroboam fekk Israel til å falle frå Herren og forførde deim til stor synd; | |
II K | NorSMB | 17:22 | og israelitarne dreiv på med alle dei synderne Jerobeam gjorde; dei gav deim ikkje upp. | |
II K | NorSMB | 17:23 | På resten støytte Herren Israel frå seg, som han hadde sagt ved alle tenarane sine, profetarne. Israel laut fara burt frå landet sitt til Assyria. Der er dei den dag i dag. | |
II K | NorSMB | 17:24 | Assyrarkongen flutte folk frå Babel og Kuta og Avva og Hamat og Sefarvajim, og busette deim i Samaria-byarne i staden for Israels-borni. Dei tok då Samaria i eige og sette bu i byarne der. | |
II K | NorSMB | 17:25 | Og det hende seg, at i fyrstningi dei budde der, hadde dei ingen age for Herren. Herren sende då løvor som herja millom deim. | |
II K | NorSMB | 17:26 | Det vart meldt åt assyrarkongen: «Dei folki som du flutte burt og busette i Samaria-byarne, dei kjenner ikkje rette måten å dyrka landsens gud; difor hev han sendt løvor millom deim; og dei drep folket ned, av di dei ikkje kjenner rette måten å dyrka landsens gud.» | |
II K | NorSMB | 17:27 | Assyrarkongen gav då det bodet: «Lat ein av dei burtførde prestarne fara dit heim att og busetja seg der og læra folket å dyrka landsens gud på rette måten!» | |
II K | NorSMB | 17:28 | Ein av prestarne som var burtførde frå Samaria, kom då og sette bu i Betel. Han lærde deim korleis dei skulde ottast Herren. | |
II K | NorSMB | 17:29 | Det var nok so at kvart folk laga seg sin gud og sette upp på haugarne i dei husi som Samaria-folki hadde bygt, kvart folk i sin by, der dei hadde busett seg; | |
II K | NorSMB | 17:30 | folk frå Babel laga seg ein Sukkot-Benot, folk frå Kut ein Nergal, folk frå Hamat ein Asima, | |
II K | NorSMB | 17:31 | avvitarne laga seg ein Nibhaz og ein Tartak, og sefarvitarne brende borni sine i eld for Adrammelek og Anammelek, Sefarvajim-gudarne. | |
II K | NorSMB | 17:32 | Men dei bar og age for Herren. Dei valde seg ut offerhaug-prestar kvar or sin flokk, og dei ofra for deim i husi på haugarne. | |
II K | NorSMB | 17:33 | Dei bar age for Herren; men dei tente samstundes sine eigne gudar, etter skikken hjå dei folki som dei var burtførde frå. | |
II K | NorSMB | 17:34 | Den dag i dag fer dei etter dei same gamle skikkarne sine; dei ber ikkje age for Herren, so dei fer etter sine fyreskrifter og rettar, og etter den lov og det bod som Herren gav borni åt Jakob, han som fekk namnet Israel. | |
II K | NorSMB | 17:35 | Herren gjorde ei pakt og gav deim sovore bod: «Andre gudar skal det ikkje hava age for, og ikkje bøygja kne for deim eller tena deim eller ofra til deim. | |
II K | NorSMB | 17:36 | Men Herren, som førde dykk upp frå Egyptarlandet med stor kraft og med strak arm, honom skal de bera age for, honom skal de bøygja kne for, honom skal de ofra til. | |
II K | NorSMB | 17:37 | Og dei fyreskrifter og rettar, og den lov og det bod som han let skriva for dykk - deim skal de taka vare på og halda alle dagar; men de skal ikkje bera age for andre gudar. | |
II K | NorSMB | 17:38 | Den pakti eg gjorde med dykk, må de ikkje gløyma. De må ikkje bera age for andre gudar. | |
II K | NorSMB | 17:39 | Nei, ber age for Herren, dykkar Gud, so skal han fria dykk frå alle dykkar fiendar.» | |