Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
II KINGS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 2
II K NorSMB 2:1  Den gongen Herren tok Elia upp til himmelen i ein storm, skulde Elia og Elisa på utferd frå Gilgal.
II K NorSMB 2:2  Elia sagde med Elisa: «Ver du her! Herren hev sendt meg til Betel.» Men Elisa svara: «So sant Herren liver, og so sant du liver, eg skil ikkje lag med deg.» So for dei ned til Betel.
II K NorSMB 2:3  Profetsveinarne i Betel møtte Elisa: «Veit du det,» sagde dei, «at i dag tek Herren husbonden din ifrå deg?» «Ja, eg veit det,» svara han; «de tarv ikkje nemna det.»
II K NorSMB 2:4  Elia sagde med honom: «Elisa, ver du her! Herren hev sendt meg til Jeriko.» Men han svara: «So sant Herren liver, og so sant du liver, eg skil ikkje lag med deg.» So kom dei til Jeriko.
II K NorSMB 2:5  Profetsveinarne i Jeriko gjekk fram til Elisa: «Veit du det,» sagde dei, «at i dag tek Herren husbonden din ifrå deg?» «Ja, vel veit eg det,» svara han; «det tarv ikkje nemna det.»
II K NorSMB 2:6  Elia sagde med honom: «Ver du her! Herren hev sendt meg til Jordan.» Men han svara: «So sant Herren liver, og so sant du liver, eg skil ikkje lag med deg.» So gjekk dei båe tvo.
II K NorSMB 2:7  Femti av profetsveinarne fylgde, og stod eit godt stykke undan, medan dei tvo stod attmed Jordan.
II K NorSMB 2:8  Elia tok kappa si, sveipte henne i hop og slo på vatnet. Då kløyvde det seg til båe kanter, so dei gjekk båe yver på turre botnen.
II K NorSMB 2:9  Då dei var komne yver, sagde Elias med Elisa: «Kva ynskjer du eg skal gjera for deg fyrr eg vert teken ifrå deg?» Elisa sagde: «Gjev ein dubbel lut av di ånd må falla på meg!»
II K NorSMB 2:10  «Det var eit storfelt ynskje,» svara han; «men fær du sjå meg medan eg vert teken frå deg, skal du få det, elles ikkje.»
II K NorSMB 2:11  Medan dei so heldt fram og talast ved, skimta det fram ei eldvogn med eldhestar og skilde deim frå einannan. Og so for Elia i stormveret upp til himmelen.
II K NorSMB 2:12  Elisa stod og såg på, og han ropa: «Far! far! du Israels vogner og riddarar!» So såg han ikkje meir til honom. Og han tok i klædi sine og reiv deim midt i tvo.
II K NorSMB 2:13  So tok han upp kappa åt Elia, som hadde falle av honom, snudde so og gjekk ned til elvebarden ved Jordan.
II K NorSMB 2:14  Han tok kappa åt Elia, som hadde falle av honom, og slo på vatnet med dei ordi: «Kvar er no Herren, Elias Gud?» Med same han slo på vatnet, kløyvde det seg til båe kanter, og Elisa gjekk yver.
II K NorSMB 2:15  Då profetsveinarne frå Jeriko såg dette langt undan, sagde dei: «Elias ånd kviler yver Elisa.» Dei kom imot honom og lagde seg å gruve for honom.
II K NorSMB 2:16  So sagde dei med honom: «Millom tenarane dine finn du femti sterke karar; lat deim ganga ut og leita etter herren din! Kann henda hev Herrens Ande lyft honom upp og slept honom på eitkvart fjellet eller i einkvar dalen.» Han svara: «De skal ingen senda ut.»
II K NorSMB 2:17  Men dei naudbad honom so lenge at han vart leid av det: «Send deim ut då!» sagde han. Dei sende ut femti mann, og dei leita i tri dagar, men fann honom ikkje.
II K NorSMB 2:18  Då dei kom att til honom - han heldt seg endå i Jeriko - so sagde han til deim: «Det var det eg sagde med dykk, at de skulde ikkje ganga ut.»
II K NorSMB 2:19  Byfolki og sagde til Elisa: «Denne byen ligg lageleg til, som du herre ser. Men vatnet er vondt, og landet lid av fosterskot.»
II K NorSMB 2:20  Han svara deim: «Gjev meg ei ny skål, og legg salt i henne!» Dei so gjorde.
II K NorSMB 2:21  Gjekk han so ut til uppkoma og kasta saltet nedi med dei ordi: «So segjer Herren: «Eg gjer dette vatnet friskt, so det aldri meir skal valda daude og fosterskot.»»
II K NorSMB 2:22  Og vatnet vart friskt, og er det den dag i dag, soleis som Elisa hadde sagt.
II K NorSMB 2:23  Derifrå drog han upp til Betel. På vegen dit upp, kom nokre smågutar ut or byen og tok til å hæda honom og kalla honom: «Upp med deg, du snaudskalle! Upp med deg, du snaudskalle!»
II K NorSMB 2:24  Han såg seg ikring. Og då han vart var deim, lyste han våbøn yver deim i Herrens namn. Tvo binnor kom då ut or skogen og reiv sund tvo og fyrti av borni.
II K NorSMB 2:25  Derifrå gjekk han til Karmelfjellet, og derifrå attende til Samaria.