II KINGS
Chapter 18
II K | NorSMB | 18:1 | I det tridje styringsåret åt Israels-kongen Hosea Elason vart Hizkia Ahasson konge i Juda. | |
II K | NorSMB | 18:2 | Fem og tjuge år gamall var han då han vart konge, og ni og tjuge år rådde han i Jerusalem. Mor hans heitte Abi Zakarjadotter. | |
II K | NorSMB | 18:3 | Han gjorde det som rett var i Herrens augo, heilt so som David, far hans, hadde gjort. | |
II K | NorSMB | 18:4 | Han fekk burt offerhaugarne, slo sund minnesteinarne, hogg ned Astarte-stolparne, og knasa koparormen som Moses hadde laga; for alt til den tid hadde Israels-borni brent røykjelse for honom, og dei kalla honom Nehustan. | |
II K | NorSMB | 18:5 | På Herren, Israels Gud, leit han. Millom alle Juda-kongarne fanst ikkje maken hans, korkje fyre eller etter honom. | |
II K | NorSMB | 18:6 | Han heldt seg til Herren, veik ikkje frå honom, men heldt hans bod, som Herren hadde bode Moses. | |
II K | NorSMB | 18:7 | Og Herren var med honom so han hadde framgang i alt han tok seg fyre. Han fall ifrå assyrarkongen og vilde ikkje vera tenaren hans. | |
II K | NorSMB | 18:8 | Og so vann han filistarane og tok landet alt til Gaza og bygdi derikring, frå minste vakttårnet til fastaste borgi. | |
II K | NorSMB | 18:9 | I fjorde styringsåret åt kong Hizkia - det var sjuande styringsåret åt Israels-kongen Hosea Elason - drog assyrarkongen Salmanassar upp og kringsette Samaria. | |
II K | NorSMB | 18:10 | Dei tok byen då tri år var lidne; i det sette styringsåret åt Hizkia og det niande styringsåret åt Hosea, kongen i Israel, vart Samaria teken. | |
II K | NorSMB | 18:11 | Assyrarkongen førde Israel burt til Assyria og busette deim i Halah og ved Gozanåi Habor, og i byarne i Media. | |
II K | NorSMB | 18:12 | Det var av di dei ikkje høyrde på Herren, sin Gud, men braut hans pakt, alt det som Moses, Herrens tenar, hadde bode; dei korkje høyrde eller livde etter deim. | |
II K | NorSMB | 18:13 | I det fjortande styringsåret åt kong Hizkia drog assyrarkongen Sankerib upp og hertok alle faste borger i Juda. | |
II K | NorSMB | 18:14 | Juda-kongen Hizkia sende då bod til Lakis til assyrarkongen med dei ordi: «Eg hev synda; snu um att frå meg! Det du legg på meg, skal eg bera:» Assyrarkongen lagde då på Hizkia, Juda-kongen, åtte hundrad vågar sylv og åtteti vågar gull. | |
II K | NorSMB | 18:15 | Hizkia gav ut alt sylvet som fanst i Herrens hus og i skattkammeret i kongsgarden. | |
II K | NorSMB | 18:16 | Samstundes braut Hizkia laus gullet på dørerne i Herrens tempel og av dørstolparne som Hizkia, Juda-kongen, hadde klædt med gull, og gav det til assyrarkongen. | |
II K | NorSMB | 18:17 | Men so sende assyrarkongen Tartan og Rabsaris og Rabsake med ein stor her frå Lakis mot kong Hizkia i Jerusalem, og dei drog upp og kom til Jerusalem. Då dei hadde fare upp og var komne dit, stana dei attmed vatsleidingi frå Øvredammen på allfarvegen til vaskarvollen. | |
II K | NorSMB | 18:18 | Då dei kravde å få tala med kongen, gjekk drottseten Eljakim Hilkiason og riksskrivaren Sebna og kanslaren Joah Asafsson ut til deim. | |
II K | NorSMB | 18:19 | Rabsake sagde med deim: «Meld til Hizkia: «So segjer storkongen, assyrarkongen: Kva er det for tru som gjer deg so traust? | |
II K | NorSMB | 18:20 | du tenkjer at berre eit ord gjer råd og dåd i krig! Kven lit du på, sidan du sette upp imot meg? | |
II K | NorSMB | 18:21 | Ja, det er sant: du lit på Egyptarland, den brotna røyrstaven, som sting hol i handi på kvar som styd seg til honom! Soleis er Farao, egyptarkongen, for alle som lit på honom. | |
II K | NorSMB | 18:22 | Og svarar de meg: «Me lit på Herren, vår Gud!» var det då ikkje hans offerhaugar og hans altar Hizkia fekk burt, då han baud Juda og Jerusalem: «Framfor dette altaret skal de bøygja kne i Jerusalem.» | |
II K | NorSMB | 18:23 | Gjer då eit veddemål med herren min, assyrarkongen: Eg gjev deg tvo tusund hestar, um du kann skaffa folk til å rida på deim. | |
II K | NorSMB | 18:24 | Korleis vil du slå attende ein einaste jarl, ein av dei ringaste tenarane åt herren min? Og so lit du på egyptarane, på vognerne og ridarane deira! | |
II K | NorSMB | 18:25 | Trur de det er Herrens uvitande, når eg kjem hit og øydelegg denne staden? Nei, det var Herren som baud meg: «Drag upp til dette landet og legg det i øyde!»»» | |
II K | NorSMB | 18:26 | Eljakim Hilkiason og Sebna og Joah sagde då til Rabsake: «Tala syrisk til tenarane dine! me skynar det nok; tala ikkje jødisk til oss! folket på muren høyrer på.» | |
II K | NorSMB | 18:27 | «Nei,» svara Rabsake; «det er ikkje til herren din og til deg herren min hev sendt meg å tala desse ordi, men nettupp til dei folki som sit på muren og saman med dykk lyt eta sitt eige skarn og drikka sitt eige vatn!» | |
II K | NorSMB | 18:28 | So steig Rabsake fram og ropa høgmælt desse ordi på jødisk mål: «Høyr det storkongen, assyrarkongen, talar! | |
II K | NorSMB | 18:29 | So segjer kongen: «Lat ikkje Hizkia narra dykk; han er ikkje i stand til å hjelpa dykk ut or mi hand! | |
II K | NorSMB | 18:30 | Lat ikkje Hizkia få dykk til å lita på Herren, med di han segjer: «Herren hjelpar oss for visst; han gjev ikkje denne byen i henderne på assyrarkongen.» | |
II K | NorSMB | 18:31 | Høyr ikkje på Hizkia! So segjer kongen i Assyria: Gjer fred med meg! gjev dykk yver til meg! So skal de få eta kvar av sitt eige vintre og sitt eige fiketre, og drikka vatn kvar or sin eigen brunn, | |
II K | NorSMB | 18:32 | til dess eg kjem og hentar dykk til eit land som er likt dykkar eige, eit land med korn og druvesaft, eit land med brød og vinhagar, eit land med oljetre og honning. So skal de liva og sleppa døy. Høyr ikkje på Hizkia! Han narrar dykk når han segjer: «Herren bergar oss.» | |
II K | NorSMB | 18:34 | Kvar er gudarne i Hamat og Arpad? kvar er gudarne åt Sefarvajim og Hena og Ivva, eller hev dei berga Samaria ut or mi hand? | |
II K | NorSMB | 18:35 | Kven av alle gudarne i alle land hev berga sitt land or mi hand? Skulde då Herren berga Jerusalem ut or mi hand?»» | |
II K | NorSMB | 18:36 | Folket tagde, svara honom ikkje eit ord: for so var kongens bod: «Ikkje svara honom!» | |