Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
II KINGS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 25
II K NorSMB 25:1  I det niande styringsåret hans, tiande dagen i tiande månaden, kom Nebukadnessar, Babel-kongen, med heile heren sin til Jerusalem, lægra seg utanfor byen og bygde skansar rundt ikring honom.
II K NorSMB 25:2  Byen vart kringsett til Sidkias ellevte styringsår.
II K NorSMB 25:3  Den niande dagen i månaden røynde svolten hardt på i byen, og landsfolket hadde inkje mat.
II K NorSMB 25:4  Då vart byen teken. Og alt stridsfolket rømde um natti gjenom porten i dubbelmuren ved kongshagen, medan kaldæarane låg rundt ikring byen. Dei tok leidi til Moarne.
II K NorSMB 25:5  Men kaldæarheren forfylgde kongen og nådde honom att på Moarne ved Jeriko. Alt herfolket sprang frå honom og spreiddest.
II K NorSMB 25:6  Dei fanga då kongen og førde honom upp til Ribla til Babel-kongen. Der fekk han sin dom.
II K NorSMB 25:7  Sønerne åt Sidkia drap dei medan han såg på det; so stakk han ut augo på Sidkia, batt honom med koparlekkjor og førde honom til Babel.
II K NorSMB 25:8  Sjuande dagen i den femte månaden i det nittande styringsåret åt Nebukadnessar, Babel-kongen, kom ein av tenarane åt Babel-kongen, livvakthovdingen Nebuzaradan, til Jerusalem.
II K NorSMB 25:9  Han brende upp Herrens hus og kongsgarden. Ja, alle husi i Jerusalem, serleg alle storfolk-hus, sette han eld på.
II K NorSMB 25:10  Og murarne ikring Jerusalem vart nedrivne av heile den kaldæarheren som livvakthovdingen hadde med seg.
II K NorSMB 25:11  Resten av folket som var att i byen, og svikararne som hadde gjenge yver til Babel-kongen, og resten av ålmugen, vart burtførd av Nebuzaradan, livvakthovdingen.
II K NorSMB 25:12  Nokre av fatigfolket i landet let han vera att til å arbeida i vinhagarne og på åkrarne.
II K NorSMB 25:13  Koparsulorne i Herrens hus, fotstykki og koparhavet i Herrens hus, braut kaldæarane sund, og tok koparen med seg til Babel.
II K NorSMB 25:14  Og dei tok oskefati og eldskuflerne og ljossakserne og skålerne og alle kopargogner som dei hadde til gudstenesta.
II K NorSMB 25:15  Livvakthovdingen tok og glodpannorne og blodbollarne, og alt som var av skirt gull og av skirt sylv.
II K NorSMB 25:16  Tvo sulor og eit hav og fotstykki som Salomo hadde laga åt Herrens hus - koparen i alle desse gognerne var ikkje vegande.
II K NorSMB 25:17  Den eine sula var attan alner høg, og ovanpå den var det eit koparhovud, og hovudet var tri alner høgt; rundt ikring hovudet var det eit net og granateple, alt av kopar; og sameleis var det med netet på den andre sula.
II K NorSMB 25:18  Livvakthovdingen tok øvstepresten Seraja og næst-øvste presten Sefanja og dei tri dørstokkvaktarane,
II K NorSMB 25:19  og frå byen tok han ein hirdmann som uppsynsmann yver herfolket, og fem som han råka på i byen av næmaste lagsfolket hjå kongen, dessutan skrivaren åt herhovdingen, han som skreiv ut landsfolket til hertenesta, og seksti andre landsfolk han råka på i byen.
II K NorSMB 25:20  Alle desse tok livvakthovdingen Nebuzaradan med seg til Ribla til Babel-kongen.
II K NorSMB 25:21  Og Babel-kongen slo deim i hel der i Ribla i Hamatlandet. Soleis vart Juda burtført frå landet sitt.
II K NorSMB 25:22  Babel-kongen Nebukadnessar sette Gedalja, son åt Ahikam Safansson, til jarl yver det folket som var att i Judalandet, dei som han let vera att.
II K NorSMB 25:23  Då alle herhovdingarne og hermennerne deira fekk greida på at Babel-kongen hadde sett inn Gedalja, kom dei til Gedalja i Mispa: Ismael Netanjason, og Johanan Kareahsson og Seraja Tanhumetson frå Netofa og Ja’asanja, son åt ein mann frå Ma’aka, dei og mennerne deira.
II K NorSMB 25:24  Gedalja gjorde eid til deim og hermennerne deira, og sagde med deim: «Ver ikkje rædde for kaldæartenarane! Set bu i landet, og gjev dykk under Babel-kongen, so vil det ganga dykk vel.»
II K NorSMB 25:25  Men i den sjuande månaden kom Ismael, son åt Netanja Elisamason, ein mann av kongsætti, med ti mann og slo i hel Gedalja og dei jødar og kaldæarar som var hjå honom i Mispa.
II K NorSMB 25:26  So tok herhovdingarne og heile folket, unge og gamle, og gav seg på veg ut til Egyptarland; dei var rædde for kaldæarane.
II K NorSMB 25:27  I det sju og trettiande året etter Juda-kongen Jojakin var burtførd, sju og tjugande dagen i tolvte månaden, gav Evil-Merodak, Babel-kongen - same året som han vart konge - Jojakin, Juda-kongen, uppreisnad og fria honom or fangehuset.
II K NorSMB 25:28  Han helsa honom venleg med han og gav honom fremste sessen millom dei kongarne som var hjå honom i Babel.
II K NorSMB 25:29  Han fekk leggja av seg fangebunaden, og gjekk kvar dag til kongens bord, so lenge han livde.
II K NorSMB 25:30  Kost og tæring naut han dagvisst på kongens kostnad, til kvar dag det han trong for dagen, heile si livetid.