Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
II KINGS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 24
II K NorSMB 24:1  I hans tid drog Babel-kongen Nebukadnessar upp, og Jojakim vart lydkongen hans. Men tri år etter fall han ifrå honom att.
II K NorSMB 24:2  Herren sende då imot honom kaldæiske, syriske, moabitiske og ammonitiske røvarflokkar. Han sende deim mot Juda til å øyda landet, etter Herrens ord, som han hadde tala ved tenarane sine, profetarne.
II K NorSMB 24:3  Ja, på Herrens bod gjekk det so med Juda at dei vart burtstøytte frå hans åsyn, for Manasses synder skuld, for alt det han hadde gjort,
II K NorSMB 24:4  soleis og for det skuldlause blodet han let renna, då han fyllte Jerusalem med skuldlaust blod; det vilde Herren ikkje tilgjeva.
II K NorSMB 24:5  Det som elles er å fortelja um Jojakim og alt det han gjorde, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne.
II K NorSMB 24:6  Jojakim lagde seg til kvile hjå federne sine, og Jojakin, son hans, vart konge i staden hans.
II K NorSMB 24:7  No for ikkje egyptarkongen ut frå landet sitt meir; for Babel-kongen hadde teke alt det landet egyptarkongen åtte frå Egyptarlands-bekken til elvi Frat.
II K NorSMB 24:8  Attan år gamall var Jojakin då han vart konge, tri månader rådde han i Jerusalem. Mor hans heitte Nehusta Elnatansdotter, frå Jerusalem.
II K NorSMB 24:9  Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, plent som far hans.
II K NorSMB 24:10  På den tid drog Babel-kongen Nebukadnessars folk upp mot Jerusalem, og byen vart kringsett.
II K NorSMB 24:11  Kong Nebukadnessar kom sjølv til byen, medan herfolket hans kringsette honom.
II K NorSMB 24:12  Juda-kongen Jojakin gav seg då yver til Babel-kongen med mor si og tenarane og hovdingarne og hirdmennerne sine; og Babel-kongen tok honom til fange i åttande styringsår.
II K NorSMB 24:13  Han førde burt derifrå alle skattar i Herrens hus og i kongsgarden. Han braut laust gullet av alle gognerne som Salomo, Israels konge, hadde laga åt Herrens tempel, soleis som Herren hadde sagt.
II K NorSMB 24:14  Han førde burt heile Jerusalem, alle hovdingarne og godseigarne, ti tusund fangar, og alle grovsmedar og låssmedar. Det vart ikkje att anna enn fatigfolk i landet.
II K NorSMB 24:15  Han førde Jojakin burt til Babel; og kongsmori og kongskonorne og hirdmennerne hans og storfolket i landet førde han fangar frå Jerusalem til Babel;
II K NorSMB 24:16  og alle godseigarane: sju tusund, grovsmedar og låssmedar: eit tusund, alle i hop djerve hermenner, deim førde Babel-kongen burt til Babel.
II K NorSMB 24:17  Og Babel-kongen sette Mattanja, farbror hans, til konge i staden hans, og brigda namnet hans til Sidkia.
II K NorSMB 24:18  Eitt og tjuge år gamall var Sidkia då han vart konge; elleve år rådde han i Jerusalem. Mor hans heitte Hamital Jirmejadotter, frå Libna.
II K NorSMB 24:19  Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, plent som Jojakim.
II K NorSMB 24:20  Det var for Herrens harm skuld det gjekk so med Jerusalem og Juda, til dess han støytte deim burt frå si åsyn. Sidkia fall ifrå Babel-kongen.