SONG OF SOLOMON
Chapter 1
Song | NorSMB | 1:3 | Dine salvar angar so ljuvt, ein utrend salve er ditt namn. Difor held møyar dei elskar deg.» | |
Song | NorSMB | 1:4 | «Drag meg etter deg. Og me spring. Kongen hev ført meg til sitt hus.» «Me vil fagnast og frygdast i deg. Me vil lova din kjærleik meir enn vin.» Med rette elskar dei deg. | |
Song | NorSMB | 1:5 | «Eg er brun, men like vel væn, de Jerusalems døtter, som Kedars tjeld, som Salomos dørtjeld. | |
Song | NorSMB | 1:6 | Sjå ikkje på at eg er so brun, at soli hev brent meg so. Mor sine søner harmast på meg, og meg sette til vingardsvakt. Eg hev ikkje vakta eigen gard. | |
Song | NorSMB | 1:7 | Seg, du som leikar i min hug, kvar gjæter du no? Kvar held du middagskvild? Må eg sleppa på villa å ganga i hjordi til felagarn’ dine.» | |
Song | NorSMB | 1:8 | «Um du ikkje det veit, du fagraste dros, du fylgje i drifti sitt spor og gjæt dine killingar fram der som hyrdingarn’ buderne hev.» | |