TITUS
Chapter 3
Titu | NorSMB | 3:1 | Minn deim um å vera styremagter og yverråder undergjevne, vera lyduge, reidebune til all god gjerning, | |
Titu | NorSMB | 3:2 | ikkje spotta nokon, vera fredlege, godlyndte, visa all spaklynde mot alle menneskje. | |
Titu | NorSMB | 3:3 | For me var og eingong uvituge, ulyduge, villfarande, trælande under mangeslag lyster og fysnor, livande i vondskap og ovund, hata og hatande kvarandre. | |
Titu | NorSMB | 3:5 | frelste han oss - ikkje for rettferdige gjerningar skuld, som me hadde gjort, men etter si miskunn - ved badet til atterføding og uppnying ved den Heilage Ande, | |
Titu | NorSMB | 3:7 | so me, rettferdiggjorde ved hans nåde, i voni skulde verta ervingar til det ævelege liv. | |
Titu | NorSMB | 3:8 | Dette er eit sant ord! Og dette vil eg at du skal prenta inn, so dei som trur på Gud, må leggja vinn på å gjera gode gjerningar. Dette er godt og gagnlegt for menneski; | |
Titu | NorSMB | 3:9 | men dårlege stridsspursmål og ættartal og kivsmål og trettor um lovi skal du halda deg ifrå, for dei er gagnlause og fåfengde. | |
Titu | NorSMB | 3:10 | Eit ranglærande menneskje skal du visa frå deg, når du hev påminnt honom ein gong og tvo gonger, | |
Titu | NorSMB | 3:12 | Når eg sender Artemas til deg eller Tykikus, so gjer deg umak med å koma til meg i Nikopolis; for der hev eg tenkt å vera vinteren yver. | |
Titu | NorSMB | 3:13 | Zenas, den lovlærde, og Apollos skal du med umhug hjelpa i vegen, so dei ikkje skal vanta noko. | |
Titu | NorSMB | 3:14 | Men lat og våre læra å driva på gode gjerningar, etter som torv er til, so dei ikkje skal vera fruktlause. | |