Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
TITUS
1 2 3
Prev Up Next
Chapter 3
Titu NorSMB 3:1  Minn deim um å vera styremagter og yverråder undergjevne, vera lyduge, reidebune til all god gjerning,
Titu NorSMB 3:2  ikkje spotta nokon, vera fredlege, godlyndte, visa all spaklynde mot alle menneskje.
Titu NorSMB 3:3  For me var og eingong uvituge, ulyduge, villfarande, trælande under mangeslag lyster og fysnor, livande i vondskap og ovund, hata og hatande kvarandre.
Titu NorSMB 3:4  Men då Guds, vår frelsars, godleik og mannemilde vart openberra,
Titu NorSMB 3:5  frelste han oss - ikkje for rettferdige gjerningar skuld, som me hadde gjort, men etter si miskunn - ved badet til atterføding og uppnying ved den Heilage Ande,
Titu NorSMB 3:6  som han rikleg hev rent ut yver oss ved Jesus Kristus, vår frelsar,
Titu NorSMB 3:7  so me, rettferdiggjorde ved hans nåde, i voni skulde verta ervingar til det ævelege liv.
Titu NorSMB 3:8  Dette er eit sant ord! Og dette vil eg at du skal prenta inn, so dei som trur på Gud, må leggja vinn på å gjera gode gjerningar. Dette er godt og gagnlegt for menneski;
Titu NorSMB 3:9  men dårlege stridsspursmål og ættartal og kivsmål og trettor um lovi skal du halda deg ifrå, for dei er gagnlause og fåfengde.
Titu NorSMB 3:10  Eit ranglærande menneskje skal du visa frå deg, når du hev påminnt honom ein gong og tvo gonger,
Titu NorSMB 3:11  då du veit at ein slik er rangsnudd og syndar, fordømd av seg sjølv.
Titu NorSMB 3:12  Når eg sender Artemas til deg eller Tykikus, so gjer deg umak med å koma til meg i Nikopolis; for der hev eg tenkt å vera vinteren yver.
Titu NorSMB 3:13  Zenas, den lovlærde, og Apollos skal du med umhug hjelpa i vegen, so dei ikkje skal vanta noko.
Titu NorSMB 3:14  Men lat og våre læra å driva på gode gjerningar, etter som torv er til, so dei ikkje skal vera fruktlause.
Titu NorSMB 3:15  Alle som er hjå meg, helsar deg. Helsa deim som elskar oss i trui! Nåden vere med dykk alle!