TITUS
Chapter 1
Titu | NorSMB | 1:1 | Paulus, Guds tenar og Jesu Kristi apostel til å føra Guds utvalde til tru og til å kjenna den sanning som høyrer til gudlegdom, | |
Titu | NorSMB | 1:3 | men no i si tid hev han openberra sitt ord ved den forkynning som vart meg yvergjevi etter Guds, vår frelsars, fyresegn - | |
Titu | NorSMB | 1:4 | til Titus, min egtefødde son i den sams trui: Nåde og fred frå Gud Fader og Kristus Jesus, vår frelsar! | |
Titu | NorSMB | 1:5 | For den skuld let eg deg etter på Kreta, at du skulde skipa til det som vanta, og setja inn eldste i kvar by, so som eg pålagde deg, | |
Titu | NorSMB | 1:6 | um det er nokon som er ulastande, mann til ei kvinna, hev truande born som ikkje hev vondt ord for skamløysa eller er ulyduge. | |
Titu | NorSMB | 1:7 | For ein tilsynsmann skal vera ulastande som ein Guds hushaldar, ikkje sjølvgod, ikkje vondlyndt, ikkje drikkekjær, ikkje hardhendt, ikkje lysten etter låk vinning, | |
Titu | NorSMB | 1:9 | ein som held seg til det truverdige ord etter læra, so han kann vera før både til å påminna med den heilsame læra og til å tala deim til rettes som segjer imot. | |
Titu | NorSMB | 1:10 | For det er mange agelause, som fer med fåfengd tale og dårar hugen, mest dei av umskjeringi. | |
Titu | NorSMB | 1:11 | Desse skal ein målbinda; for dei riv ned heile hus, med di dei lærer slikt som ikkje sømer seg, for skamleg vinning skuld. | |
Titu | NorSMB | 1:12 | Ein av deim, deira eigen profet, hev sagt: «Kretarar er alltid ljugarar, vonde dyr, late bukar.» | |
Titu | NorSMB | 1:13 | Dette vitnemålet er sant; difor skal du refsa deim strengt, so dei må verta heile i trui | |
Titu | NorSMB | 1:15 | Alt er reint for dei reine; men for dei ureine og vantruande er ingen ting rein; men både deira hug og samvit er ureine. | |