Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
EXODUS
Prev Up Next
Chapter 17
Exod NorSMB 17:1  So tok heile Israels-lyden ut frå Sinheidi, og for dagsleid etter dagsleid, soleis som Herren sagde deim fyre. Sidan lægra dei seg i Refidim; med der fanst det ikkje vatn so folket kunde få drikka.
Exod NorSMB 17:2  Og folket trætta med Moses og sagde: «Gjev oss vatn, so me fær drikka!» Då sagde Moses med deim: «Kvi trættar de med meg? Kvi freistar de Herren?»
Exod NorSMB 17:3  Men folket tyrsta etter vatn, og dei mukka mot Moses og sagde: «Kvi hev du då ført oss burt frå Egyptarland? Vil du då at me og borni våre og feet vårt skal døy av torste?»
Exod NorSMB 17:4  Då ropa Moses til Herren og sagde: «Kva skal eg gjera med dette folket? Det er ikkje lenge fyrr dei steinar meg!»
Exod NorSMB 17:5  Og Herren sagde til Moses: «Far i veg fyre folket! Få med deg nokre av dei øvste i Israel, og staven din som du slo i elvi med, tak den i handi, og gakk so!
Exod NorSMB 17:6  Du skal få sjå meg standa midt for augo dine uppyver ei ufs der burte på Horeb; då skal du slå på ufsi, og det skal koma vatn ut or henne, so folket fær drikka.» Moses gjorde som Herren sagde, so dei øvste i Israel såg på det.
Exod NorSMB 17:7  Den staden kalla han Massa og Meriba, av di at Israels-folket trætta med honom, og av di dei freista Herren og sagde: «Er Herren imillom oss eller ikkje?»
Exod NorSMB 17:8  Sidan kom Amalek-mennerne og gav seg i strid med Israel i Refidim.
Exod NorSMB 17:9  Då sagde Moses til Josva: «Vel oss ut nokre menner, og tak ut og haldt slag med Amalek-heren, so skal eg i morgon standa øvst på haugen med gudsstaven i handi.»
Exod NorSMB 17:10  Josva gjorde som Moses sagde til honom og slost med Amalek-heren, og Moses og Aron og Hur steig upp på høgste haugen.
Exod NorSMB 17:11  Då gjekk det so at når Moses heldt handi i veret, hadde Israel yvertaket, og når han let handi siga, so vann Amalek.
Exod NorSMB 17:12  Men so tok Moses til å trøytna i henderne; då tok dei ein stein og lagde til rettes for honom; den sette han seg på, og Aron og Hur studde henderne hans, ein på kvar sida. Då heldt han henderne støde alt til soli var gladd.
Exod NorSMB 17:13  Josva hogg ned Amalek-kongen og folket hans med kvasse sverdet.
Exod NorSMB 17:14  Og Herren sagde til Moses: «Skriv dette upp i ei bok, so det ikkje gjeng dykk or minne, og lat Josva feste det i hugen at eg vil rydja ut av jordi alt som ber Amalek-namnet.»
Exod NorSMB 17:15  Då bygde Moses eit altar og kalla det: «Herren er hermerket mitt»,
Exod NorSMB 17:16  og han kvad: «Frå Herrens høgsæte ei hand er lyft! Med ufred søkjer han Amalek, ætt for ætt.»