Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
EXODUS
Prev Up Next
Chapter 35
Exod NorSMB 35:1  Og Moses kalla i hop heile Israels lyden, og sagde med deim: «Høyr no kva Herren vil de skal gjera:
Exod NorSMB 35:2  Seks dagar lyt de arbeida og vera onnuge, men den sjuande dagen skal de halda heilag; han skal vera ein kviledag, vigd åt Herren. Kvar den som då gjer noko arbeid, skal lata livet.
Exod NorSMB 35:3  Ingen av dykk må kveikja upp eld i huset sitt på kviledagen.»
Exod NorSMB 35:4  Og endå sagde Moses med heile Israels-lyden: «Høyr no kva Herren segjer og vil:
Exod NorSMB 35:5  «Tak ut ei reide til Herren av det som de eig! Alle som hev hjartelag til å gjeva noko, lyt koma med det, med reida til Herren: gull og sylv og kopar
Exod NorSMB 35:6  og purpur og skarlak og karmesin og kvitt lingarn og geiteragg
Exod NorSMB 35:7  og raudlita verskinn og markuskinn og akazietre
Exod NorSMB 35:8  og olje til ljosestaken og kryddor til salvingsoljen og til den angande røykjelsen
Exod NorSMB 35:9  og sjohamsteinar og andre dyre steinar til å setja på messehakelen og bringeduken.
Exod NorSMB 35:10  Og dei av dykk som hev kunstgivnad, skal koma og gjera alt det som Herren hev sagt:
Exod NorSMB 35:11  huset med raggetæpi og taket og krokarne og plankarne og tverstokkarne og stolparne og stabbarne,
Exod NorSMB 35:12  kista og stengerne som ho skal berast etter, og kisteloket og forhengtæpet,
Exod NorSMB 35:13  bordet med berestengerne og alt anna som til høyrer, og skodebrødi,
Exod NorSMB 35:14  den skinande ljosestaken med det som høyrer til, og lamporne og oljen til ljosestaken,
Exod NorSMB 35:15  røykjelsealtaret med berestengerne, som høyrer attåt, og salvingsoljen og den angande røykjelsen, og dørtæpet til husdøri,
Exod NorSMB 35:16  brennofferaltaret med kopargrindi og berestengerne og alt anna som høyrer til, balja med foten under,
Exod NorSMB 35:17  lereftsgarden, som skal vera kring tunet, med stolparne som høyrer attåt, og stabbarne som dei skal standa på, og tæpet til tunporten,
Exod NorSMB 35:18  pålarne til huset og til lereftsgarden og togi som skal bindast i deim,
Exod NorSMB 35:19  embætsskrudet til tenesta i heilagdomen, den heilage klædebunaden åt Aron, presten, og presteklædi til sønerne hans.»»
Exod NorSMB 35:21  og sidan kom dei, so mange som hjarta mana og hugen dreiv, og bar fram reidor åt Herren til arbeidet på møtetjeldet og til all tenesta der og til dei heilage klædi.
Exod NorSMB 35:22  Dei kom både menner og kvende, alle som hjarta dreiv, og hadde med seg allslags gull: spenne og øyreringar og fingerringar og kulelekkjor; og sameleis kom alle dei som vilde vigja eit gulloffer åt Herren.
Exod NorSMB 35:23  Og alle som hadde purpur eller skarlak eller karmesin eller kvitt lingarn eller geiteragg eller raudlita verskinn eller markuskinn, dei kom med det.
Exod NorSMB 35:24  Alle som vilde gjeva ei sylvreida eller ei koparreida, kom til Herren med reida si, og alle som hadde akazietre til noko av det som skulde arbeidast, dei kom med det.
Exod NorSMB 35:25  Kvar ei kona som skyna seg på sovore arbeid, spann med sine eigne hender, og kom med spunen: purpur og skarlak og karmesin og kvitt lingarn.
Exod NorSMB 35:26  Og alle kvende som hadde hug og dug til det, spann geiteragget.
Exod NorSMB 35:27  Hovdingarne kom med sjohamsteinar og andre dyre steinar til å setja på messehakelen og bringeduken,
Exod NorSMB 35:28  og med kryddor og olje til ljosestaken og til salvingsoljen og den angande røykjelsen.
Exod NorSMB 35:29  Kvar mann og kona av Israels-folket som hjarta dreiv til å hjelpa til med det store verket som Herren hadde sett Moses til å gjera, dei kom viljugt med ei gåva til Herren.
Exod NorSMB 35:30  So sagde Moses til Israels-folket: «Høyr her! Herren hev kåra og kalla Besalel, son åt Uri Hursson, av Juda-ætti,
Exod NorSMB 35:31  og fyllt honom med guddomsånd, med kunstgivnad og vit og kunnskap og godt lag til alt handverk,
Exod NorSMB 35:32  so han kann emna til fagre ting og smida deim ut i gull og i sylv og i kopar,
Exod NorSMB 35:33  og ferda til glimesteinarne som skal setjast på presteskrudet, og skjera ut i tre, og greida allslags kunstarbeid.
Exod NorSMB 35:34  Og gåva til å læra frå seg hev han lagt både i honom og Åhåliab, son åt Akhisamak, av Dans-ætti.
Exod NorSMB 35:35  Han hev fyllt deim med kunstnarånd, so dei kann både smida og snikra, og gjera åklæde med innvovne bilæte og rosor av purpur og skarlak og karmesin og kvitt lingarn, og veva kva dei vil, alt arbeid kann dei greida, og kunstverk kann dei skapa.