EXODUS
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
Chapter 5
Exod | NorSMB | 5:1 | Sidan gjekk Moses og Aron fram for Farao og sagde: «So segjer Herren, Israels Gud: «Lat folket mitt fara, so dei kann halda høgtid for meg i øydemarki!»» | |
Exod | NorSMB | 5:2 | Då sagde Farao: «Kva er det for ein «Herre» som eg skal lyda, og lata Israel fara? Eg kjenner ikkje den «Herren», og eg vil ikkje lata Israel fara heller.» | |
Exod | NorSMB | 5:3 | «Hebræarguden hev møtt oss!» svara dei. «Gode, gjev oss lov å fara tri dagsleider ut i øydemarki og ofra til Herren, vår Gud, so han ikkje skal koma yver oss med sott eller sverd!» | |
Exod | NorSMB | 5:4 | Då sagde egyptarkongen til deim: «Moses og Aron, kvi hefter de folket burt frå det dei hev å gjera? Gakk til arbeidet dykkar! | |
Exod | NorSMB | 5:5 | De ser kor mykje folk her er i landet no,» sagde Farao, «og so vil de lokka deim til å leggja ned arbeidet sitt!» | |
Exod | NorSMB | 5:7 | «Heretter skal de ikkje gjeva folket halm til mursteinen, som de fyrr hev gjort. Dei skal sjølve ganga og sanka seg halm. | |
Exod | NorSMB | 5:8 | Men like mykje murstein skal de krevja av deim no som fyrr; de skal ikkje slå av på talet. For dei er late; difor skrik dei og segjer: «Me vil av og ofra til Guden vår.» | |
Exod | NorSMB | 5:9 | Legg tyngre arbeid på kararne, so dei hev nok å gjera, og ikkje fer etter lygjerødor!» | |
Exod | NorSMB | 5:10 | So gjekk futarne og arbeidsformennerne ut, og sagde til folket: «So segjer Farao: «Eg gjev dykk ikkje halm lenger. | |
Exod | NorSMB | 5:11 | Gakk sjølve og finn dykk halm kvar de kann! Men i arbeidet dykkar fær de ikkje noko avslag.»» | |
Exod | NorSMB | 5:12 | Då spreidde folket seg utyver heile Egyptarland, og sanka helma til å bruka i staden for halmen. | |
Exod | NorSMB | 5:13 | Men futarne dreiv på og sagde: «Gjer arbeidet dykkar ferdigt, fullt dagsverk til kvar dag, som då de hadde halm for hand!» | |
Exod | NorSMB | 5:14 | Og arbeidsformennerne som futarne åt Farao hadde sett yver Israels-folket, fekk hogg, og futarne sagde: «Kvi hev de ikkje gjort ifrå dykk ålaget dykkar anten i går eller i dag, som de fyrr gjorde?» | |
Exod | NorSMB | 5:15 | Då gjekk arbeidsformennerne til Farao, og kjærde seg for honom og sagde: «Kvi fer du soleis med tenarane dine? | |
Exod | NorSMB | 5:16 | Halm fær me ikkje, og like vel segjer dei til oss: «Gjer murstein!» Og so fær me hogg, endå det er dine folk som hev skuldi.» | |
Exod | NorSMB | 5:18 | Gakk no av og arbeid! Og halm fær de ikkje, men mursteinen skal de greida, talet fullt!» | |
Exod | NorSMB | 5:19 | Arbeidsformennerne vart ille ved, då dei fekk høyra dei ordi: «De fær ikkje noko avslag på mursteinen dykkar, fullt dagsverk til kvar dag!» | |
Exod | NorSMB | 5:21 | Då sagde dei med deim: «Herren setje augo på dykk, og late dykk få like for di de hev gjort Farao og mennerne hans hatige på oss, og gjeve deim sverdet i handi til å drepa oss med!» | |
Exod | NorSMB | 5:22 | Og Moses vende seg atter til Herren og sagde: «Herre, kvi fer du so ille med dette folket? Kvi hev du då sendt meg? | |