Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
EXODUS
Prev Up Next
Chapter 6
Exod NorSMB 6:1  Då sagde Herren til Moses: «No skal du sjå, kva eg vil gjera med Farao: Ei sterk hand skal nøyda honom til å sleppa deim, og for den same sterke handi skuld skal han jamvel driva deim ut or landet sitt.»
Exod NorSMB 6:2  Og Gud tala endå meir til Moses, og sagde med honom: «Eg er Herren.
Exod NorSMB 6:3  Eg synte meg for Abraham, og for Isak, og for Jakob, og nemnde meg Gud den Allvelduge, men dette namnet mitt, Herren, gjorde eg ikkje kunnigt for deim.
Exod NorSMB 6:4  Og eg gjorde eit samband med deim: eg lova å gjeva deim Kana’ans-landet, det landet dei heldt til i, då dei ferdast på jordi.
Exod NorSMB 6:5  Og no hev eg høyrt, korleis Israels-borni sukkar og styn, av di egyptarane held deim i trældom, og eg minnest kva eg hev lova.
Exod NorSMB 6:6  Seg no med Israels-borni: «Eg er Herren; eg vil taka av dykk dei tunge byrderne de ber for egyptarfolket, og løysa dykk or trældomen dei held dykk i, og fria dykk ut med fast arm og strenge domar;
Exod NorSMB 6:7  eg vil gjera dykk til mitt folk, og vera dykkar Gud, og de skal sanna at eg er Herren, dykkar Gud, som tek av dykk dei tunge byrderne de ber for egyptarfolket.
Exod NorSMB 6:8  Og eg vil føra dykk til det landet som eg rette handi i veret på at eg vil gjeva Abraham og Isak og Jakob, og det vil eg gjeva dykk til eiga, eg, Herren.»»
Exod NorSMB 6:9  Og Moses sagde det med Israels-borni, men dei høyrde ikkje på honom, av di dei var modlause og laut træla so hardt.
Exod NorSMB 6:11  «Gakk fram for Farao, egyptarkongen, og seg med honom, at han skal lata Israels-borni fara ut or landet sitt!»
Exod NorSMB 6:12  Og Moses svara og tok so til ords, der han stod fram for augo åt Herren: «Du ser Israels-borni vil ikkje høyra på meg; er det då ventande at Farao skulde lyda etter det eg segjer, eg som er so valen på munnen!»
Exod NorSMB 6:13  Soleis tala Herren til Moses og Aron, og sende deim til Israels-mennerne og til Farao, egyptarkongen, med det bodet at dei skulde fylgja Israels-folket ut or Egyptarland.
Exod NorSMB 6:14  No skal de høyra kva ættefederne deira heitte: Sønerne åt Ruben, eldste son åt Israel, det var Hanok og Pallu, Hesron og Karmi. Frå deim er Rubens-ætterne komne.
Exod NorSMB 6:15  Sønerne åt Simeon var Jemuel og Jamin og Ohad og Jakin og Sohar og Saul, som var son åt ei Kana’ans-kvende. Frå deim er Simeons-ætterne komne.
Exod NorSMB 6:16  So er namni på sønerne åt Levi med ættgreinerne deira: Gerson og Kahat og Merari. Og livedagarne åt Levi vart hundrad og sju og tretti år.
Exod NorSMB 6:17  Sønerne åt Gerson var Libni og Sime’i med ættgreinerne deira.
Exod NorSMB 6:18  Sønerne åt Kahat var Amram og Jishar og Hebron og Uzziel. Og livedagarne åt Kahat vart hundrad og tri og tretti år.
Exod NorSMB 6:19  Sønerne åt Merari var Mahli og Musi. Dette var federne åt Levi-ætterne etter ættartalet deira.
Exod NorSMB 6:20  Amram tok Jokebed, farsyster si, til kona, og dei fekk sønerne Aron og Moses. Og livedagarne åt Amram vart hundrad og sju og tretti år.
Exod NorSMB 6:21  Sønerne åt Jishar var Korah og Nefeg og Zikri.
Exod NorSMB 6:22  Sønerne åt Uzziel var Misael og Elsafan og Sitri.
Exod NorSMB 6:23  Aron tok Eliseba til kona; ho var dotter åt Amminadab og syster åt Nahson; og dei fekk sønerne Nadab og Abihu, Eleazar og Itamar.
Exod NorSMB 6:24  Sønerne åt Korah var Assir og Elkana og Abiasaf. Frå deim er Korah-ætterne komne.
Exod NorSMB 6:25  Eleazar, son åt Aron, tok ei dotter åt Putiel til kona, og dei fekk sonen Pinehas. Dette var gamlefederne åt Levi-folket med ættgreinerne deira.
Exod NorSMB 6:26  Desse mennerne, Aron og Moses, var det Herren sagde det til: «Før Israels-folket ut or Egyptarland, fylking etter fylking!»
Exod NorSMB 6:27  Dei var det som tala med Farao, kongen i Egyptarland, og sagde dei skulde fylgja Israels-folket ut or Egyptarland, desse tvo mennerne, Moses og Aron.
Exod NorSMB 6:28  Og det gjekk so til at den gongen Herren tala til Moses i Egyptarlandet,
Exod NorSMB 6:29  då tok Herren soleis til ords: «Eg er Herren! Seg no med Farao, egyptarkongen, alt det eg segjer til deg!»
Exod NorSMB 6:30  Og Moses svara, der han stod for Guds augo: «Du veit eg er munnvalen; er det då ventande at Farao vil høyra på meg?»