EXODUS
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
Chapter 26
Exod | NorSMB | 26:1 | Huset skal du gjera av ti åklædevever av kvitt tvinna lingarn og purpur og skarlak og karmesin, og i deim skal du veva inn fagre englebilæte. | |
Exod | NorSMB | 26:2 | Kvar vev skal vera åtte og tjuge alner lang og fire alner breid: alle veverne skal halda same målet. | |
Exod | NorSMB | 26:3 | Fem av veverne skal skøytast i hop til eitt tæpe, og sameleis dei hine fem veverne. | |
Exod | NorSMB | 26:4 | I jaren på den fyrste veven, ytst på det eine tæpet, skal du gjera lykkjor av purpurgarn, og sameleis i jaren på den ytste veven i det andre tæpet. | |
Exod | NorSMB | 26:5 | Femti lykkjor skal du gjera på den fyrste veven, og femti lykkjor i jaren på den som høyrer til det andre tæpet; lykkjorne skal svara mot kvarandre. | |
Exod | NorSMB | 26:6 | Og femti gullkrokar skal du gjera og hekta åklædetæpi i hop, so det vert eit hus av deim. | |
Exod | NorSMB | 26:8 | Kvar vev skal vera tretti alner lang og fire alner breid; alle dei elleve veverne skal halda same målet. | |
Exod | NorSMB | 26:9 | Fem av ryeveverne skal du skøyta i hop til eit tæpe for seg, og dei hine seks til eit anna tæpe, og den sette veven skal du bretta i hop på framsida av taket. | |
Exod | NorSMB | 26:10 | I jaren på den fyrste veven, den som er ytst i det eine tæpet, skal du gjera femti lykkjor, og i jaren på den andre skøytingsveven femti lykkjor. | |
Exod | NorSMB | 26:11 | Og femti koparkrokar skal du gjera, og hekta deim i lykkjorne, og soleis festa raggetæpi i hop, so det vert eitt tak av deim. | |
Exod | NorSMB | 26:12 | Vil du vita kva du skal gjera med det som gjeng av på raggetæpi, so skal helvti av den veven som gjeng av, hanga ned på baksida av huset, | |
Exod | NorSMB | 26:13 | og den eine alni på kvar led som raggetæpi er for lange, skal hengjast ned etter båe sideveggjerne, til livd for huset. | |
Exod | NorSMB | 26:14 | Yver raggetæpi skal du gjera eit tak av raudlita verskinn, og ovanpå det att eit tak av markuskinn. | |
Exod | NorSMB | 26:17 | og på kvar av deim skal det vera tvo tappar med ei tverlist imillom. So skal du gjera med alle plankarne i huset. | |
Exod | NorSMB | 26:19 | Og fyrti sylvstabbar skal du gjera og setja under dei tjuge plankarne, tvo under kvar planke, til å festa båe tapparne i. | |
Exod | NorSMB | 26:24 | dei skal vera tviluta alt nedantil, og båe luterne skal halda fullt mål heilt upp åt taket, til den fyrste ringen; so skal dei vera laga båe tvo; dei skal standa i kvar sitt hyrna. | |
Exod | NorSMB | 26:25 | Soleis vert det på baksida åtte plankar med sylvstabbarne sine, tvo under kvar planke. | |
Exod | NorSMB | 26:27 | og fem til den andre langveggen, og fem til tverveggen på baksida av huset, mot vest. | |
Exod | NorSMB | 26:28 | Midtstokken, den som er midt på plankeveggen, skal ganga langs etter heile veggen, frå ende til ende. | |
Exod | NorSMB | 26:29 | Plankarne skal du klæda med gull, og ringarne på deim som tverstokkarne ligg i, skal du gjera heiltupp av gull; tverrstokkarne skal du og gullklæda. | |
Exod | NorSMB | 26:31 | So skal du gjera eit forheng av purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn; væne englebilæte skal vera innvovne i det. | |
Exod | NorSMB | 26:32 | Du skal festa det til fire gullklædde akaziestolpar, som det er gullhakar på, og som stend på fire sylvstabbar, | |
Exod | NorSMB | 26:33 | og so skal du hengja det upp etter krokarne. Innanfor forhenget skal du setja lovtavlekista; og forhenget skal for dykk vera skilnaden millom det heilage og det heilagste romet. | |
Exod | NorSMB | 26:35 | Bordet skal du setja utanfor forhenget, og ljosestaken midt imot bordet, innmed den søre veggen i huset; for bordet skal du setja innåt nordveggen. | |
Exod | NorSMB | 26:36 | Til døri på tjeldet skal du gjera eit tæpe av purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn. Det skal vera utsauma med rosor. | |