Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
EXODUS
Prev Up Next
Chapter 10
Exod NorSMB 10:1  Og Herren sagde til Moses: «Gakk fram for Farao! For det er eg som hev gjort honom so hard, både honom og mennerne hans, so eg kunde fremja desse teikni mine imillom deim,
Exod NorSMB 10:2  og so du skal fortelja son din og soneson din korleis eg hev fare åt med egyptarane, og kva teikn eg hev gjort hjå deim - so de skal sanna at eg er Herren!»
Exod NorSMB 10:3  So gjekk Moses og Aron fram for Farao og sagde med honom: «So segjer Herren, Hebræarguden: «Kor lenge skal det vara fyrr du vil bøygja deg for meg? Lat folket mitt fara, so dei kann tena meg!
Exod NorSMB 10:4  For trassar du og ikkje let folket mitt fara, so skal eg i morgon senda grashoppar inn i riket ditt.
Exod NorSMB 10:5  Dei skal breida seg ut yver åker og eng, so tett at ein ikkje kann sjå marki, og eta upp kvar einaste grand som de hev att etter haglet, og snøyda kvart eit tre som veks i hagarne dykkar.
Exod NorSMB 10:6  Og dei skal fylla upp husi for deg og mennerne dine og alle egyptarane, so ikkje federne dine og ikkje federne åt federne dine skal ha set slik syn, frå den dag dei vart til på jordi og til den dag i dag.»» Dermed snudde han seg, og gjekk burt ifrå Farao.
Exod NorSMB 10:7  Då sagde hirdmennerne med Farao: «Kor lenge skal denne mannen vera ei snara for oss? Lat no folki fara, so dei kann tena Herren, Guden sin! Ser du ikkje endå at Egyptarlandet vert øydelagt?»
Exod NorSMB 10:8  So kalla dei Moses og Aron attende til Farao, og han sagde med deim: «Gakk so av stad då, og ten Herren, Guden dykkar! Kor mange er det no som skal fara?»
Exod NorSMB 10:9  «Me lyt fara alle, både unge og gamle,» svara Moses; «både sønerne og døtterne våre lyt vera med oss, både småfeet og storfeet vårt; for me skal halda ei stor høgtid for Herren.»
Exod NorSMB 10:10  Då sagde han til deim: «Herren vere med dykk, so visst som eg let dykk fara burt med borni dykkar! Sjå der um de ikkje tenkjer på vondt!
Exod NorSMB 10:11  Nei, dette vert ikkje noko av! De mennerne kann fara og tena Herren; for det var det de bad um!» Dermed jaga dei deim burt frå augo åt Farao.
Exod NorSMB 10:12  Då sagde Herren til Moses: «Rett handi di ut yver Egyptarland, so skal grashopparne koma drivande innyver landet og eta upp all grøda på marki, alt som haglet hev spart.»
Exod NorSMB 10:13  So rette Moses staven sin ut yver Egyptarland, og Herren sende ein austanvind som stod innyver landet heile den dagen og heile natti; um morgonen kom austanvinden med grashopparne.
Exod NorSMB 10:14  Og grashopparne dreiv innyver heile Egyptarlandet, og slo seg ned i heile riket, ein uhorveleg brote: aldri fyrr hadde det vore so mykje med grashoppar, og aldri meir vil det koma.
Exod NorSMB 10:15  Dei lagde seg utyver landet, so tett at markerne myrkna, og åt upp all grøda på åkrarne og all alda på trei, som haglet hadde leivt, og det fanst ikkje att namnet av grønt, anten på tre eller strå, i heile Egyptarlandet.
Exod NorSMB 10:16  Då skunda Farao seg og sende bod etter Moses og Aron, og sagde: «Eg hev synda mot Herren, dykkar Gud, og mot dykk.
Exod NorSMB 10:17  Kjære væne, gjev til synda mi denne enaste gongen, og bed til Herren, dykkar Gud, at han berre vil taka denne fæle landøyda burt frå meg!»
Exod NorSMB 10:18  So gjekk Moses ut att frå Farao, og bad til Herren.
Exod NorSMB 10:19  Då vende Herren vinden, so det vart ein ovsterk vestanvind, og den førde grashopparne burt, og støytte deim ned i Raudehavet; det vart ikkje att ein einaste grashopp i heile Egyptarriket.
Exod NorSMB 10:20  Men Herren gjorde Farao hard i hugen, so han ikkje let Israels-folket fara.
Exod NorSMB 10:21  Og Herren sagde til Moses: «Rett handi di upp imot himmelen, so skal det leggja seg myrker yver Egyptarlandet, eit myrker so tjukt at ein kann taka i det.»
Exod NorSMB 10:22  So rette Moses handi si upp imot himmelen. Då vart det stumende myrkt i heile Egyptarland i tri dagar.
Exod NorSMB 10:23  Den eine timde ikkje den andre, og i tri dagar var det ingen som torde reisa seg av sessen sin. Men der Israels-folket budde, der var det ljost alle stader.
Exod NorSMB 10:24  Då sende Farao bod etter Moses, og sagde: «Gakk av og haldt høgtid for Herren! Borni dykkar kann og få vera med; men bufeet, både smått og stort, lyt de setja att her.»
Exod NorSMB 10:25  «Du må då gjeva med oss det me treng til slagtoffer og brennoffer, åt Herren, vår Gud!» svara Moses.
Exod NorSMB 10:26  «Bufeet vårt lyt me hava med oss - ikkje ei klauv må vera att - for det er det me tek av, når me ofrar til Herren vår Gud; og me veit ikkje kva me skal ofra til honom, fyrr me kjem fram.»
Exod NorSMB 10:27  Men Herren herde hugen åt Farao, og han vilde ikkje lata deim fara.
Exod NorSMB 10:28  Og Farao sagde til Moses: «Gakk ifrå meg! Vara deg! Kom aldri meir for augo mine! For den dag eg ser deg for augo att, skal du døy.»
Exod NorSMB 10:29  «Ja no sagde du det sjølv,» svara Moses, «og eg kjem aldri meir for augo dine.»