GALATIANS
Chapter 6
Gala | NorSMB | 6:1 | Brør! um og eit menneskje vert fanga av nokor synd, so må de som er åndelege, retta på honom med spaklyndes ånd; men sjå deg sjølv fyre, at ikkje du og skal vert freista! | |
Gala | NorSMB | 6:4 | Men kvar skal prøva si eigi gjerning, og so skal han hava ros etter det han sjølv er, og ikkje etter likning med den andre; | |
Gala | NorSMB | 6:6 | Den som vert upplærd i ordet, skal gjeva den som lærer honom alt godt saman med seg! | |
Gala | NorSMB | 6:7 | Far ikkje vilt! Gud let seg ikkje spotta; for det som eit menneskje sår; det skal han og hausta. | |
Gala | NorSMB | 6:8 | For den som sår i sitt kjød, skal hausta tjon av kjøtet; men den som sår i Anden, han skal hausta ævelegt liv av Anden. | |
Gala | NorSMB | 6:9 | Men lat oss ikkje verta trøytte av å gjera det gode! for i si tid skal me hausta, berre me ikkje trøytnar. | |
Gala | NorSMB | 6:10 | Lat oss då, medan me hev høve til det, gjera det gode mot alle, men mest mot brørne i trui! | |
Gala | NorSMB | 6:12 | So mange som vil synast gode etter kjøtet, dei nøyder dykk til å verta umskorne, berre for di at dei ikkje skal verta forfylgde for Kristi kross. | |
Gala | NorSMB | 6:13 | For ikkje ein gong dei som vert umskorne, held lovi sjølve; men dei vil at de skal verta umskorne, so dei kann rosa seg av dykkar kjøt. | |
Gala | NorSMB | 6:14 | Men det vere langt ifrå meg å rosa meg av anna enn av vår Herre Jesu Kristi kross; for honom er verdi krossfest for meg, og eg for verdi. | |
Gala | NorSMB | 6:16 | Og so mange som gjeng fram etter denne rettesnor, fred og miskunn vere yver deim og yver Guds Israel! | |