Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
GALATIANS
1 2 3 4 5 6
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 1
Gala NorSMB 1:1  Paulus, apostel, ikkje av menneskje og ikkje ved noko menneskje, men ved Jesus Kristus og Gud Fader, som vekte honom upp frå dei daude,
Gala NorSMB 1:2  og alle brørne som er hjå meg - til kyrkjelydarne i Galatia:
Gala NorSMB 1:3  Nåde vere med dykk og fred frå Gud Fader og vår Herre Jesus Kristus,
Gala NorSMB 1:4  som gav seg sjølv for våre synder, so han kunde fria oss ut or den noverande vonde verdi etter vår Gud og Faders vilje;
Gala NorSMB 1:6  Eg undrast på at de so snøgt vender dykk frå honom som kalla dykk ved Kristi nåde, til eit anna evangelium,
Gala NorSMB 1:7  endå det ikkje finst noko anna, det er berre sume som forviller dykk og vil forvenda Kristi evangelium.
Gala NorSMB 1:8  Men um so me eller ein engel frå himmelen forkynner dykk eit anna evangelium enn det som me hev forkynt dykk, han vere bannstøytt!
Gala NorSMB 1:9  Som me hev sagt fyrr, so segjer eg no på nytt: Um nokon forkynner dykk eit anna evangelium enn det som de tok imot, han vere bannstøytt!
Gala NorSMB 1:10  Talar eg no menneskje eller Gud til viljes, eller søkjer eg å gjera menneskje til lags? Vilde eg enno gjera menneskje til lags, var eg ikkje Kristi tenar.
Gala NorSMB 1:11  Eg kunngjer dykk, brør, at det evangelium som eg hev forkynt, er ikkje menneskjeverk;
Gala NorSMB 1:12  for ikkje eg heller fekk det eller lærde det av noko menneskje, men ved Jesu Kristi openberring.
Gala NorSMB 1:13  For de hev høyrt mi framferd fyrr, medan eg var jøde, at eg forfylgde Guds kyrkja ovleg hardt og tynte henne;
Gala NorSMB 1:14  og i jødedomen gjekk eg lenger enn mange av jamaldringarne mine i mitt folk, med di eg var endå meir ihuga for mine fedre-lærdomar.
Gala NorSMB 1:15  Men då det tektest honom som valde meg ut alt frå mors liv og kalla meg ved sin nåde,
Gala NorSMB 1:16  å openberra sin Son i meg, at eg skulde forkynna evangeliet um honom millom heidningarne, då samrådde eg meg ikkje med kjøt og blod
Gala NorSMB 1:17  og drog ikkje heller upp til Jerusalem til deim som var apostlar fyre meg; men eg for straks burt til Arabia og vende um att til Damaskus.
Gala NorSMB 1:18  Sidan, tri år etter, for eg upp til Jerusalem og vilde verta kjend med Kefas, og hjå honom vart eg verande femtan dagar.
Gala NorSMB 1:19  Men nokon annan av apostlarne såg eg ikkje, utan Jakob, Herrens bror.
Gala NorSMB 1:20  Det som eg skriv til dykk - sjå, Gud veit at eg ikkje lyg det.
Gala NorSMB 1:22  Men av åsyn var eg ukjend for dei kristne kyrkjelydarne i Judæa.
Gala NorSMB 1:23  Dei hadde berre høyrt gjete: «Han som fyrr forfylgde oss, han forkynner no den trui som han fyrr øydde ut.»