HABAKKUK
Chapter 3
Haba | NorSMB | 3:2 | Herre, eg hev høyrt tidendi um deg, eg er forfærd. Herre, ditt verk - kveik det upp att i desse åri! Kunngjer det i desse åri! Midt i harm kom miskunn i hug! | |
Haba | NorSMB | 3:3 | Gud kjem frå Teman, og den Heilage frå Paranfjellet. Sela. Hans herlegdom tekkjer himmelen, og jordi er full av hans pris. | |
Haba | NorSMB | 3:4 | Det vert ein glans som av soli, geislar gjeng frå hans sida; der løyner seg hans magt. | |
Haba | NorSMB | 3:6 | Han stoggar, og jordi ristar, han ser, og folki skjelv; dei gamle fjelli sprekk, og ævordoms-haugarne sig i hop. Han fer på vegar frå fordom. | |
Haba | NorSMB | 3:8 | Logar din harm mot elvar, Herre? Din vreide mot elvarne? Harmast du på havet, sidan du ferast med hestarne dine, med sigervognerne dine? | |
Haba | NorSMB | 3:9 | Berr, ja berr er bogen din. Svorne er refsingsris i ordet. Sela. Til elvar kløyver du jordi. | |
Haba | NorSMB | 3:10 | Fjelli ser deg og skjelv, støyteregn sturtar ned, djupet dyn og styn, det lyfter henderne mot høgheim. | |
Haba | NorSMB | 3:11 | Sol og måne gjeng inn i sitt hus for skinet frå dine farande piler, for glansen av ditt ljonande spjot. | |
Haba | NorSMB | 3:13 | Du dreg ut til frelsa for folket ditt, til frelsa for honom som du salva. Du krasar hovudet på huset åt den gudlause, du gjer grunnen berr alt til halsen. Sela. | |
Haba | NorSMB | 3:14 | Med hans eigne spjot sting du gjenom hovudet på hovdingarne hans som stormar fram, vil spreida meg, som gleder seg som det galdt i løynd å eta ein arming upp. | |
Haba | NorSMB | 3:16 | Eg hev høyrt det, og hjarta skalv. Ved ljoden bivrar lipporne mine, beini morknar i meg, og eg skjelv der eg stend. For eg lyt tolug bia på trengsledagen, til han dreg upp som trengjer folket. | |
Haba | NorSMB | 3:17 | For fiketreet blømer ikkje, og vintreet ber ikkje frukt, olje-avlen mislukkast. Og markene ber ikkje mat; sauerne kverv or kvii, og det finst ikkje fe i fjøset. | |