Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
I JOHN
1 2 3 4 5
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 4
I Jo NorSMB 4:1  Mine kjære! tru ikkje på kvar ei ånd, men prøv ånderne, um dei er av Gud! for det er mange falske profetar gjengne ut i verdi.
I Jo NorSMB 4:2  På det kjenner de Guds Ande: kvar ei ånd som sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt, er av Gud;
I Jo NorSMB 4:3  og kvar ei ånd som ikkje sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt, er ikkje av Gud; og dette er åndi til Antikrist, som de hev høyrt um at ho kjem, og ho er alt no i verdi.
I Jo NorSMB 4:4  Born, de er av Gud og hev sigra yver deim; for han som er i dykk, er større enn han som er i verdi.
I Jo NorSMB 4:5  Dei er av verdi; difor talar dei av verdi, og verdi høyrer deim.
I Jo NorSMB 4:6  Me er av Gud; den som kjenner Gud, høyrer oss; den som ikkje er av Gud, høyrer oss ikkje. På dette kjenner me sannings-åndi og villfarings-åndi.
I Jo NorSMB 4:7  Mine kjære, lat oss elska kvarandre! for kjærleiken er av Gud, og kvar den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud.
I Jo NorSMB 4:8  Den som ikkje elskar, kjenner ikkje Gud; for Gud er kjærleik.
I Jo NorSMB 4:9  I det er Guds kjærleik openberra millom oss, at Gud hev sendt son sin, den einborne, til verdi, so me skal liva ved honom.
I Jo NorSMB 4:10  I dette er kjærleiken, ikkje at me hev elska Gud, men at han hev elska oss og sendt son sin til soning for synderne våre.
I Jo NorSMB 4:11  Mine kjære! hev Gud elska oss soleis, so er me og skuldige til å elska kvarandre.
I Jo NorSMB 4:12  Ingen hev noko sinn set Gud; elskar me kvarandre, so vert Gud verande i oss, og kjærleiken til honom hev vorte fullkomen i oss.
I Jo NorSMB 4:13  På dette kjenner me at me er i honom og han i oss, at han hev gjeve oss av sin Ande.
I Jo NorSMB 4:14  Og me hev set og vitnar at Faderen hev sendt son sin til frelsar for verdi.
I Jo NorSMB 4:15  Den som sannar at Jesus er Guds Son, i honom vert Gud verande, og han i Gud.
I Jo NorSMB 4:16  Og me hev lært å kjenna og trutt på den kjærleiken Gud hev til oss. Gud er kjærleik, og den som vert verande i kjærleiken, vert verande i Gud, og Gud i honom.
I Jo NorSMB 4:17  I dette hev kjærleiken vorte fullkomen hjå oss, at me hev fritt mod på domedag; for liksom han er, so er me og i denne verdi.
I Jo NorSMB 4:18  Otte er ikkje i kjærleiken, men den fullkomne kjærleiken driv otten ut; for otten hev straffi i seg; men den som ottast, er ikkje fullkomen i kjærleiken.
I Jo NorSMB 4:20  Dersom nokon segjer: «Eg elskar Gud», og han hatar bror sin, han er ein ljugar; for den som ikkje elskar bror sin som han hev set, kor kann han elska Gud, som han ikkje hev set?
I Jo NorSMB 4:21  Og dette bodet hev me frå honom, at den som elskar Gud, han skal og elska bror sin.