I PETER
Chapter 4
I Pe | NorSMB | 4:1 | Sidan no Kristus hev lide i kjøtet, so væpna og de dykk med den same tanken, at den som hev lide i kjøtet, er ferdig med syndi, | |
I Pe | NorSMB | 4:2 | so de ikkje lenger skal liva etter menneskje-lyster, men etter Guds vilje, den tid de endå skal vera i kjøtet. | |
I Pe | NorSMB | 4:3 | For det er nok at de i den framfarne livstid hev gjort det som heidningarne vil, med di de ferdast i used, lyster, fullskap, svir, drykk og usømeleg avgudsdyrking; | |
I Pe | NorSMB | 4:4 | difor undrast dei når de ikkje renner med deim ut i den same straum av skamløysa, og dei spottar dykk. | |
I Pe | NorSMB | 4:5 | Men dei skal gjera rekneskap for honom som held seg ferdig til å døma livande og daude. | |
I Pe | NorSMB | 4:6 | For dertil vart evangeliet forkynt ogso for daude, at dei vel skulde verta dømde som menneskje i kjøt, men liva so som Gud i ånd. | |
I Pe | NorSMB | 4:8 | Og hav framfor alt inderleg kjærleik til kvarandre! for kjærleiken løyner ei mengd med synder. | |
I Pe | NorSMB | 4:10 | Etter som kvar hev fenge ei nådegåva, so ten kvarandre med henne som gode hushaldarar yver Guds mangfaldige nåde! | |
I Pe | NorSMB | 4:11 | Um nokon talar, han tale som Guds ord, um nokon tener i kyrkjelyden, han tene som av den kraft Gud gjev, so Gud må verta æra i alle ting ved Jesus Kristus, som æra og magti høyrer til i all æva. Amen. | |
I Pe | NorSMB | 4:12 | De kjære! Undra dykk ikkje yver den elden som kjem yver dykk til prøving, som um det hende dykk noko underlegt! | |
I Pe | NorSMB | 4:13 | Men i same mun som de hev lut i Kristi lidingar, skal de gleda dykk, so de og kann gleda dykk med fagnad når hans herlegdom vert openberra. | |
I Pe | NorSMB | 4:14 | Dersom de vert hædde for Kristi namn skuld, er de sæle; for Herlegdoms-Anden og Guds Ande kviler yver dykk. | |
I Pe | NorSMB | 4:15 | For ingen av dykk må lida av di han er mordar eller tjuv eller illgjerningsmann, eller av di han blandar seg i framande målemne. | |
I Pe | NorSMB | 4:16 | Men lid han av di han er ein kristen, so skal han ikkje skjemmast, men prisa Gud for dette namnet. | |
I Pe | NorSMB | 4:17 | For det er no den tid då domen skal taka til med Guds hus; men tek det til med oss, kva vert då enden for deim som ikkje vil tru Guds evangelium? | |
I Pe | NorSMB | 4:18 | Og dersom den rettferdige vandt vert frelst, kvar skal det då verta av den ugudlege og syndaren? | |