I SAMUEL
Chapter 31
I Sa | NorSMB | 31:1 | Filistarane gjekk på i striden mot Israel. Israels-mennerne rømde undan for filistarane, og det låg mange falne på Gilboafjellet. | |
I Sa | NorSMB | 31:2 | Filistarane sette etter Saul og sønerne hans. Og filistarane felte Jonatan, Abinadab og Malkisua, Sauls-sønerne. | |
I Sa | NorSMB | 31:3 | Saul sjølv kom upp i ein hard strid. Og nokre bogeskyttarar råka innpå honom. Saul vreid seg i rædsla for skyttarane. | |
I Sa | NorSMB | 31:4 | Og han baud våpnsveinen sin: «Drag sverdet ditt, og støyt det gjenom meg, so ikkje desse u-umskorne skal koma og drepa meg, og skamfara meg!» Men våpnsveinen vilde ikkje; han var altfor rædd. Då tok Saul sverdet sjølv og stupte seg på det. | |
I Sa | NorSMB | 31:5 | Då våpnsveinen såg Saul var dåen, stupte han seg ogso på sitt sverd og fylgde honom i dauden. | |
I Sa | NorSMB | 31:6 | Den dagen fall dei alle i hop, Saul og dei tri sønerne hans og våpnsveinen, og sameleis alle mennerne hans. | |
I Sa | NorSMB | 31:7 | Og då Israels-mennerne på hi sida dalen og på hi sida Jordan gådde at Israels-mennerne hadde rømt, og at Saul og sønerne hans var falne, so rømde dei ut or byarne sine; og filistarane kom og busette seg der. | |
I Sa | NorSMB | 31:8 | Dagen etter kom filistarane og plundra liki. Dei fann Saul og dei tri sønerne hans liggjande på Gilboafjellet. | |
I Sa | NorSMB | 31:9 | Dei hogg hovudet av honom, og rana våpni hans og sende rundt i Filistarlandet, og let forkynna fagnadbodet i templi åt avgudarne sine og millom folket. | |
I Sa | NorSMB | 31:10 | Dei lagde våpni hans i Astarte-templet; og liket hans hengde dei upp på bymuren i Bet-San. | |
I Sa | NorSMB | 31:12 | tok dei i veg, alle våpnføre karar, gjekk heile natti, tok ned frå muren i Bet-San Sauls lik og liki av sønerne hans, for so til Jabes og brende liki der. | |