JAMES
Chapter 5
Jame | NorSMB | 5:3 | gullet og sylvet dykkar er burtrusta, og rusti på det skal vera til vitne imot dykk og eta dykkar kjøt som ein eld. De hev sanka skattar i dei siste dagarne. | |
Jame | NorSMB | 5:4 | Sjå, den løni de hev halde att for dei arbeidarar som hev skore åkrane dykkar, ho ropar, og ropet frå skurdfolket er kome inn for Herren Sebaots øyro. | |
Jame | NorSMB | 5:5 | De hev livt på jordi i kjæla og etter lysterne dykkar; de hev gjødt hjarto dykkar på slagtardagen. | |
Jame | NorSMB | 5:7 | Ver då tolmodige, brør, til Herren kjem! Sjå, bonden ventar på den dyre avlingi av jordi og stundar tolmodeleg på henne, til ho fær haustregn og vårregn. | |
Jame | NorSMB | 5:9 | Sukka ikkje mot kvarandre, brør, so de ikkje skal verta dømde! Sjå, domaren stend for døri! | |
Jame | NorSMB | 5:10 | Mine brør! tak profetarne, som tala i Herrens namn, til fyredøme på å lida vondt og vera tolmodige! | |
Jame | NorSMB | 5:11 | Sjå, me prisar deim sæle som lid tolmodeleg. De hev høyrt um Jobs tolmod og set endelykti frå Herren; for Herren er inderleg miskunnsam og mild. | |
Jame | NorSMB | 5:12 | Men framfor alt, brør, sver ikkje, korkje ved himmelen eller ved jordi eller nokon annan eid! Lat dykkar ja vera ja og dykkar nei vera nei, so de ikkje skal falla inn under domen! | |
Jame | NorSMB | 5:14 | Er nokon av dykk sjuk, han kalle til seg dei eldste i kyrkjelyden, og dei skal beda yver honom og salva honom med olje i Herrens namn; | |
Jame | NorSMB | 5:15 | og den bøni av tru skal hjelpa den sjuke, og Herren skal reisa honom upp; og hev han gjort synder, skal dei verta honom forlatne. | |
Jame | NorSMB | 5:16 | Sanna då synderne dykkar for kvarandre, og bed for kvarandre, so de kann verta lækte! Rettferdig manns bøn hev stor magt i sin verknad. | |
Jame | NorSMB | 5:17 | Elia var ein mann under same vilkår som me; og han bad at det ikkje skulde regna, og det regnde ikkje på jordi på tri år og seks månader. | |