Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JAMES
1 2 3 4 5
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 4
Jame NorSMB 4:1  Kva kjem all ufred og strid av millom dykk? Er det ikkje av dykkar lyster, som strider i lemerne dykkar?
Jame NorSMB 4:2  De lystar og hev ikkje; de slær i hel og ovundast og kann ikkje få; de ligg i strid og ufred. De hev ikkje, av di de ikkje bed;
Jame NorSMB 4:3  de bed og fær ikkje, av di de bed ille, um slikt som de kann øyda upp i dykkar lyster.
Jame NorSMB 4:4  De utrugne! veit de ikkje at venskap med verdi er fiendskap imot Gud? Den som då vil vera ven med verdi, han vert Guds fiende.
Jame NorSMB 4:5  Eller trur de at skrifti talar fåfengt? Med brennhug trår han etter Anden som han hev late bu i oss. Men di større er den nåde som han gjev.
Jame NorSMB 4:6  Difor heiter det: «Gud stend dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde.»
Jame NorSMB 4:7  Ver difor Gud undergjevne! Men statt djevelen imot, so skal han fly frå dykk!
Jame NorSMB 4:8  Haldt dykk nær til Gud, so skal han halda seg nær til dykk! Reinsa henderne, de syndarar, og gjer hjarto reine, de tvihuga!
Jame NorSMB 4:9  Kjenn dykkar naud og syrg og gråt! Lat låtten dykkar vendast til sorg, og gleda til trege.
Jame NorSMB 4:10  Audmyk dykk for Herren, so skal han upphøgja dykk!
Jame NorSMB 4:11  Baktala ikkje kvarandre, brør! Den som baktalar ein bror eller dømer bror sin, han baktalar lovi og dømer lovi; men dømer du lovi, so er du ikkje ein som gjer etter lovi, men hennar domar.
Jame NorSMB 4:12  Ein er lovgjevaren og domaren, han som er megtig til å frelsa og til å tyna. Men du, kven er du som dømer din næste?
Jame NorSMB 4:13  Og no, de som segjer: «I dag eller i morgon vil me fara til den byen og vera der eit år og handla og hava vinning,»
Jame NorSMB 4:14  de som ikkje veit kva som skal henda i morgon! For kva er livet dykkar? De er ein eim som ei liti stund er synleg og so kverv burt.
Jame NorSMB 4:15  I staden for at de skulde segja: «Um Herren vil, so kjem me til å liva, og so skal me gjera det eller det!»
Jame NorSMB 4:16  Men no rosar de dykk sjølve i dykkar storlæte. All slik ros er vond.
Jame NorSMB 4:17  Den som då veit å gjera godt, men ikkje gjer det, han hev synd for det.