JAMES
Chapter 3
Jame | NorSMB | 3:1 | Mine brør, ikkje mange av dykk verte lærarar! etter di de veit at me skal få dess tyngre dom. | |
Jame | NorSMB | 3:2 | For alle snåvar me i mangt. Den som ikkje snåvar i tale, han er ein fullkomen mann, som er før til å tøyma heile likamen. | |
Jame | NorSMB | 3:3 | Når me legg beisl i munnen på hestarne, so dei skal lystra oss, so styrer me og heile likamen deira. | |
Jame | NorSMB | 3:4 | Sjå og skipi: endå dei er so store og vert drivne av sterk vind, so vert dei då med ein liten ror styrde dit som styremannen vil hava deim. | |
Jame | NorSMB | 3:5 | So er og tunga ein liten lem, og talar då store ord. Sjå ein liten eld: kor stor ein skog han set i brand! | |
Jame | NorSMB | 3:6 | Tunga er og ein eld; ei verd full av urettferd, soleis stend tunga millom lemerne våre; ho smittar heile likamen og set livsens hjul i loge, og vert sjølv sett i loge frå helvite. | |
Jame | NorSMB | 3:7 | For all natur, både i dyr og fuglar, både i ormar og sjødyr, vert tamd og hev vorte tamd av den menneskjelege natur; | |
Jame | NorSMB | 3:8 | men tunga kann inkje menneskje temja; ho er ein ustyrleg vond ting, full av døyande eiter. | |
Jame | NorSMB | 3:9 | Med henne velsignar me Herren og Faderen, og med henne bannar me menneski som er skapte etter Guds bilæte. | |
Jame | NorSMB | 3:12 | Mine brør, kann då eit fiketre bera oljebær, eller eit vintre fikor? So kann ikkje heller ei salt kjelde gjeva søtt vatn. | |
Jame | NorSMB | 3:13 | Kven er vis og vitug imillom dykk? Han må ved god ferd syna sine gjerningar i visdoms spaklynde. | |
Jame | NorSMB | 3:14 | Men hev de beisk ovund og stridssykja i hjarto dykkar, so rosa dykk ikkje og ljug ikkje imot sanningi! | |
Jame | NorSMB | 3:17 | Men visdomen ovantil, han er fyrst og fremst rein, og dinæst fredsam, rimeleg, ettergjevande, full av miskunn og gode frukter, fri for tvil og fri for skrymt. | |