JAMES
Chapter 2
Jame | NorSMB | 2:1 | Mine brør! Lat ikkje dykkar tru på vår Herre Jesus Kristus, den herleggjorde, hava det med seg, at de gjer skil på folk! | |
Jame | NorSMB | 2:2 | For um det kjem ein mann inn i dykkar samling med gullring på fingeren og i skinande klæde, men det og kjem ein fatigmann i skitne klæde, | |
Jame | NorSMB | 2:3 | og de ser på honom som hev den skinande klædnaden, og segjer til honom: «Set du deg her i god sess!» og de segjer til den fatige: «Statt du der, eller set deg nedfor fotskammelen min!» - | |
Jame | NorSMB | 2:5 | Høyr no, mine kjære brør! Hev ikkje Gud valt ut dei fatige i denne verdi til å vera rike i tru og ervingar til det riket han hev lova deim som honom elskar? | |
Jame | NorSMB | 2:6 | Men de hev vanæra den fatige. Er det ikkje dei rike som trælkar dykk, og som dreg dykk fram for domstolarne? | |
Jame | NorSMB | 2:8 | I sanning, um de uppfyller den kongelege lov etter skrifti: «Du skal elska din næste som deg sjølv,» so gjer de vel; | |
Jame | NorSMB | 2:11 | For han som sagde: «Du skal ikkje driva hor,» han sagde og: «Du skal ikkje slå i hel.» Um du då ikkje driv hor, men slær i hel, so hev du vorte ein lovbrjotar. | |
Jame | NorSMB | 2:13 | For domen skal vera miskunnlaus yver den som ikkje hev gjort miskunn; men miskunn rosar seg mot domen. | |
Jame | NorSMB | 2:14 | Kva gagnar det, mine brør, um nokon segjer at han hev tru, når han ikkje hev gjerningar? Kann vel trui frelsa honom? | |
Jame | NorSMB | 2:16 | og ein av dykk segjer til deim: «Gakk i fred, verm dykk og et dykk mette!» men de ikkje gjev deim det som likamen treng, kva gagnar so det? | |
Jame | NorSMB | 2:18 | Men ein kann segja: «Du hev tru, og eg hev gjerningar. Syn meg di tru utan gjerningar, og eg skal syna deg mi tru av mine gjerningar! | |
Jame | NorSMB | 2:21 | Abraham, vår far, vart ikkje han rettferdiggjord ved gjerningar, då han ofra Isak, son sin, på altaret? | |
Jame | NorSMB | 2:22 | Du ser at trui verka saman med hans gjerningar, og at trui vart fullkomi ved gjerningarne, | |
Jame | NorSMB | 2:23 | og skrifti vart uppfyllt, som segjer: «Men Abraham trudde Gud, og det vart rekna honom til rettferd,» og han vart kalla Guds ven. | |
Jame | NorSMB | 2:24 | De ser då, at eit menneskje vert rettferdiggjort ved gjerningar og ikkje berre ved tru. | |
Jame | NorSMB | 2:25 | Like eins og med skjøkja Rahab: vart ho ikkje rettferdiggjord ved gjerningar, då ho tok imot sendemennerne og slepte deim ut ein annan veg? | |