JOEL
Chapter 1
Joel | NorSMB | 1:2 | Gjev gaum åt dette, de som gamle er. Og lyd på det kvar som bur i landet! Hev sovore hendt i dykkar tid, eller i dykkar fedra-tid? | |
Joel | NorSMB | 1:3 | Fortel det til dykkar born, og dykkar born til sine born, og deira born til ei ætt som kjem! | |
Joel | NorSMB | 1:4 | Det som gnagaren leivde, åt grashoppen upp. Det som grashoppen leivde, åt bitaren upp. Det som bitaren leivde, åt etaren upp. | |
Joel | NorSMB | 1:5 | Vakna, de drukne, og gråte, jamra, vindrikkarar alle! For druvesafti er rivi dykk frå munn. | |
Joel | NorSMB | 1:6 | Eit folk hev fare yver landet mitt, veldugt og utan tal, med tenner som løvetenner, dei jakslar som løvor hev. | |
Joel | NorSMB | 1:7 | Vintrei mine er tynte og fiketre brotne ned, dei hev flekt deim reint og hivt deim, det heng kvite greiner på. | |
Joel | NorSMB | 1:9 | Grjon- og drykkoffer er kvorvne frå Herrens hus, prestarne syrgjer, Herrens tenarar. | |
Joel | NorSMB | 1:10 | Åkrar er øydde, jordi jamrar. For øydt er kornet, vinsafti magtlaus, oljen er kvorven. | |
Joel | NorSMB | 1:11 | Bonden er magtstolen, vindyrkar rådlaus for kveite og bygg, grøda på marki er tynt. | |
Joel | NorSMB | 1:12 | Vintre er mergstolne, fiketre folna. Granattre og palma og apall, alle tre hev turka burt. Ja, fagnaden er stolen frå mannaheim. | |
Joel | NorSMB | 1:13 | Syrgjeklædde klage, de prestar! Jamra dykk, de som tener ved altaret! Gakk inn og vake syrgjeklædde, de min Guds tenarar! For burte frå dykkar Guds hus er grjon- og drykkoffer. | |
Joel | NorSMB | 1:14 | Lys ut fasta og heilag samling, få dei gamle i hop, ja alle som bur i landet, til Herren, dykkar Guds hus! Til Herren de ropa må. | |
Joel | NorSMB | 1:17 | Kornet turkar burt under jordskorpa. Tome er buri, lødorne øydest. Ja, kornet turkar burt. | |
Joel | NorSMB | 1:18 | Kor buskapen rautar! Rådlaus er kvar bøling; for ikkje beite dei finn, sauerne jamvel lyt bøta. | |
Joel | NorSMB | 1:19 | Til deg, Herre, ropar eg. For elden han åt hamni på heidi, og logen leika i ved og i tre. | |