Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOEL
1 2 3
Prev Up Next
Chapter 1
Joel NorSMB 1:2  Gjev gaum åt dette, de som gamle er. Og lyd på det kvar som bur i landet! Hev sovore hendt i dykkar tid, eller i dykkar fedra-tid?
Joel NorSMB 1:3  Fortel det til dykkar born, og dykkar born til sine born, og deira born til ei ætt som kjem!
Joel NorSMB 1:4  Det som gnagaren leivde, åt grashoppen upp. Det som grashoppen leivde, åt bitaren upp. Det som bitaren leivde, åt etaren upp.
Joel NorSMB 1:5  Vakna, de drukne, og gråte, jamra, vindrikkarar alle! For druvesafti er rivi dykk frå munn.
Joel NorSMB 1:6  Eit folk hev fare yver landet mitt, veldugt og utan tal, med tenner som løvetenner, dei jakslar som løvor hev.
Joel NorSMB 1:7  Vintrei mine er tynte og fiketre brotne ned, dei hev flekt deim reint og hivt deim, det heng kvite greiner på.
Joel NorSMB 1:8  Klaga som ei møy som syrgjeklædd gjeng yver sin ungdoms brudgom.
Joel NorSMB 1:9  Grjon- og drykkoffer er kvorvne frå Herrens hus, prestarne syrgjer, Herrens tenarar.
Joel NorSMB 1:10  Åkrar er øydde, jordi jamrar. For øydt er kornet, vinsafti magtlaus, oljen er kvorven.
Joel NorSMB 1:11  Bonden er magtstolen, vindyrkar rådlaus for kveite og bygg, grøda på marki er tynt.
Joel NorSMB 1:12  Vintre er mergstolne, fiketre folna. Granattre og palma og apall, alle tre hev turka burt. Ja, fagnaden er stolen frå mannaheim.
Joel NorSMB 1:13  Syrgjeklædde klage, de prestar! Jamra dykk, de som tener ved altaret! Gakk inn og vake syrgjeklædde, de min Guds tenarar! For burte frå dykkar Guds hus er grjon- og drykkoffer.
Joel NorSMB 1:14  Lys ut fasta og heilag samling, få dei gamle i hop, ja alle som bur i landet, til Herren, dykkar Guds hus! Til Herren de ropa må.
Joel NorSMB 1:15  Å hå for ein dag! Nær er Herrens dag. Som vald ifrå Allvald han kjem.
Joel NorSMB 1:16  Strauk ikkje maten burt med me såg på, frå Guds hus gleda og frygd?
Joel NorSMB 1:17  Kornet turkar burt under jordskorpa. Tome er buri, lødorne øydest. Ja, kornet turkar burt.
Joel NorSMB 1:18  Kor buskapen rautar! Rådlaus er kvar bøling; for ikkje beite dei finn, sauerne jamvel lyt bøta.
Joel NorSMB 1:19  Til deg, Herre, ropar eg. For elden han åt hamni på heidi, og logen leika i ved og i tre.
Joel NorSMB 1:20  Jamvel dyri i marki etter deg mun stynja, for turre er bekkjefari. Og elden han åt hamni på heidi.