MICAH
Chapter 5
Mica | NorSMB | 5:1 | Men du Betlehem, Efrata, som er so liten til å vera millom bygderne i Juda, frå deg skal eg få meg ein mann som skal vera herre yver Israel. Hans upphav er frå fordom, frå ævordoms dagar. | |
Mica | NorSMB | 5:2 | Difor gjev han deim yver i ulukka til den tid då ho som skal føda, hev født. Då skal leivningen av brørne hans snu heim att til Israels søner. | |
Mica | NorSMB | 5:3 | Og han skal standa og gjæta i Herrens kraft, i Herrens, sin Guds, høge namn; og dei skal sitja trygt; for no skal han vera stor, til endarne av jordi. | |
Mica | NorSMB | 5:4 | Og han skal vera fred. Kjem Assur inn i landet vårt, stig han inn i borgerne våre, so reiser me imot honom sju hyrdingar, ja, åtte menneskje-hovdingar. | |
Mica | NorSMB | 5:5 | Og dei skal herja Assurs land med sverd, og Nimrods land alt inn i portarne; og han skal frelsa frå Assur når han kjem inn i landet vårt, og når han stig yver landskilet vårt. | |
Mica | NorSMB | 5:6 | Og leivningen av Jakob skal vera midt millom mange folkeslag liksom dogg frå Herren, liksom regnskurer på gras, som ikkje biar på mann eller ventar på menneskjeborn. | |
Mica | NorSMB | 5:7 | Og leivningen av Jakob skal vera millom heidningarne, midt imillom mange folk, liksom ei løva millom dyr i skogen, liksom ei ungløva inne i saueflokkar. Ho slær ned når ho fer fram, og riv sund, og det er ingen som bergar. | |
Mica | NorSMB | 5:9 | Og det skal ganga soleis på den dagen, segjer Herren, då vil eg rydja ut alle hestarne du hev hjå deg, og øyda vognerne dine. | |
Mica | NorSMB | 5:11 | Og eg vil rydja alle trolldomskunster utor henderne på deg; og spåmenner skal ikkje lenger finnast hjå deg. | |
Mica | NorSMB | 5:12 | Eg vil rydja ut dei utskorne gudebilæti dine og minnesteinarne dine, som du hev hjå deg, so du ikkje meir skal bøygja kne for det som henderne dine hev laga. | |
Mica | NorSMB | 5:13 | Og eg vil riva upp Astarte-stolparne dine or landet ditt, og byarne dine vil eg øyda. | |