REVELATION OF JOHN
Chapter 21
Reve | NorSMB | 21:1 | Og eg såg ein ny himmel og ei ny jord; for den fyrste himmelen og den fyrste jordi hadde kvorve burt, og havet er ikkje meir. | |
Reve | NorSMB | 21:2 | Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, stiga ned ifrå himmelen frå Gud, budd som ei brur som er prydd for brudgomen sin. | |
Reve | NorSMB | 21:3 | Og eg høyrde ei høg røyst frå kongsstolen, som sagde: «Sjå, Guds bustad er hjå menneski, og han skal bu hjå deim; og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hjå deim og vera deira Gud. | |
Reve | NorSMB | 21:4 | Og han skal turka kvar tåra av augo deira, og dauden skal ikkje meir vera til, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pinsla skal meir vera til; for dei fyrste ting er burtfarne.» | |
Reve | NorSMB | 21:5 | Og han som sat på kongsstolen, sagde: «Sjå, eg gjer alle ting nye!» Og han segjer til meg: «Skriv! for desse ordi er truverdige og sanne.» | |
Reve | NorSMB | 21:6 | Og han sagde til meg: «Det er gjort. Eg er A og Å, upphavet og enden. Eg vil gjeva den tyrste av kjelda med livsens vatn for inkje. | |
Reve | NorSMB | 21:7 | Den som sigrar, skal erva alle ting, og eg vil vera hans Gud, og han skal vera min son. | |
Reve | NorSMB | 21:8 | Men dei som er ræddhuga og vantruande og styggjelege og manndråparar og horkarar og trollmenner og avgudsdyrkarar og alle ljugarar, deira lut skal vera i sjøen som brenn med eld og svåvel; det er den andre dauden.» | |
Reve | NorSMB | 21:9 | Og ein av dei sju englarne som hadde dei sju skålerne, fyllte med dei sju siste plågorne, kom til meg og tala med meg og sagde: «Kom, eg skal visa deg bruri, vivet til Lambet!» | |
Reve | NorSMB | 21:10 | Og han førde meg i åndi burt på eit stort og høgt fjell og viste meg den heilage byen Jerusalem, som steig ned frå himmelen frå Gud. | |
Reve | NorSMB | 21:11 | Han hadde Guds herlegdom, og hans ljos var som av den kostelegaste stein, som krystallblank jaspis. | |
Reve | NorSMB | 21:12 | Og han hadde ein stor og høg mur, han hadde tolv portar, og på portarne tolv englar og innskrivne namn, som er namni på dei tolv ætter av Israels born: | |
Reve | NorSMB | 21:13 | mot aust tri portar, mot nord tri portar, mot sud tri portar, mot vest tri portar. | |
Reve | NorSMB | 21:14 | Og muren um byen hadde tolv grunnsteinar, og på deim namni på dei tolv apostlar åt Lambet. | |
Reve | NorSMB | 21:15 | Og han som tala med meg, hadde ei gullrøyr til å mæla byen og portarne og muren hans. | |
Reve | NorSMB | 21:16 | Og byen ligg i ein firkant, og lengdi på honom er so stor som breiddi. Og han mælte byen med røyri: tolv tusund stadier; lengd og breidd og høgd på honom er like. | |
Reve | NorSMB | 21:17 | Og han mælte muren um honom: eit hundrad og fire og fyrti alner, etter eit menneskjemål, som og er engle-mål. | |
Reve | NorSMB | 21:19 | Og grunnsteinarne i bymuren var prydde med allslag dyre steinar: den fyrste grunnsteinen var jaspis, den andre safir, den tridje kalcedon, den fjorde smaragd, | |
Reve | NorSMB | 21:20 | den femte sardonyx, den sette sarder, den sjuande krysolit, den åttande beryll, den niande topas, den tiande krysopras, den ellevte hyacint, den tolvte ametyst. | |
Reve | NorSMB | 21:21 | Og dei tolv portarne var tolv perlor; kvar ein av portarne var av ei perla, og gata i byen var reint gull som klårt glas. | |
Reve | NorSMB | 21:22 | Og eg såg ikkje noko tempel i honom; for hans tempel er Herren, Gud den allmegtige, og Lambet. | |
Reve | NorSMB | 21:23 | Og byen treng ikkje soli eller månen til å skina åt seg; for Guds herlegdom upplyser honom, og Lambet er hans ljos. | |
Reve | NorSMB | 21:24 | Og folki skal ferdast i hans ljos, og kongarne på jordi ber sin herlegdom til honom. | |