TITUS
Chapter 2
Titu | NorSMB | 2:2 | at gamle menn skal vera ædrue, vyrdelege, vislege, heile i trui, i kjærleiken, i tolmodet; | |
Titu | NorSMB | 2:3 | like eins at gamle kvinnor i si åtferd skal te seg som det sømer dei heilage, ikkje vera baktalende, ikkje trælar under drykk, men vegleidarar i det gode, | |
Titu | NorSMB | 2:5 | til å vera vislege, reine, huslege, gode, sine menner undergjevne, so Guds ord ikkje skal verta spotta. | |
Titu | NorSMB | 2:7 | og vis deg sjølv i alle ting som eit fyredøme i gode gjerningar, og vis i di læra reinleik, vyrdnad, | |
Titu | NorSMB | 2:8 | heilsam, ulasteleg tale, so motstandaren må verta skjemd, når han inkje vondt hev å segja um oss. | |
Titu | NorSMB | 2:9 | Tenarar skal du påminna um å vera sine eigne herrar undergjevne, å tekkjast deim i alle ting, ikkje segja imot, | |
Titu | NorSMB | 2:10 | ikkje vera utrue, men visa all god truskap, so dei i alle ting kann vera til pryda for Guds, vår frelsars, læra. | |
Titu | NorSMB | 2:12 | med di han uppsedar oss til å segja frå oss gudløysa og dei verdslege lyster og liva viseleg og rettferdigt og gudleg i den verdi, | |
Titu | NorSMB | 2:13 | medan me ventar på den sæle von og openberringi av den store Guds og vår frelsar Jesu Kristi herlegdom, | |
Titu | NorSMB | 2:14 | han som gav seg sjølv for oss, so han kunde løysa oss ut frå all urettferd og reinsa seg eit eigedomsfolk som er ihuga til gode gjerningar. | |