Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
I CORINTHIANS
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 13
I Co NorSMB 13:1  Um eg talar med menneskjetungor og engletungor, men hev ikkje kjærleik, då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølla.
I Co NorSMB 13:2  Og um eg hev profetgåva og kjenner alle løyndomar og all kunnskap, og um eg hev all tru, so at eg kann flytja fjell, men hev ikkje kjærleik, då er eg ingen ting.
I Co NorSMB 13:3  Og um eg gjev til føda for fatige alt det eg eig, og um eg gjev min likam til å verta brend, men hev ikkje kjærleik, då gagnar det meg ingen ting.
I Co NorSMB 13:4  Kjærleiken er langmodig, er velviljug; kjærleiken ovundast ikkje; kjærleiken briskar seg ikkje, blæs seg ikkje upp;
I Co NorSMB 13:5  han gjer inkje usømelegt, søkjer ikkje sitt eige, illskast ikkje, gøymer ikkje på det vonde;
I Co NorSMB 13:6  han gled seg ikkje ved urettferd, men gled seg ved sanning.
I Co NorSMB 13:7  Alt lid han, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.
I Co NorSMB 13:8  Kjærleiken fell aldri burt; men anten det er profetgåvor, so skal dei få ende, eller tungor, so skal dei tagna, eller kunnskap, so skal han få ende.
I Co NorSMB 13:9  For me skynar i stykkjevis og talar profetisk i stykkjevis;
I Co NorSMB 13:10  men når det fullkomne kjem, då skal det som er i stykkjevis, få ende.
I Co NorSMB 13:11  Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, dømde eg som eit barn; men då eg vart mann, lagde eg av det barnslege.
I Co NorSMB 13:12  For no ser me i ein spegel, i ei gåta, men då skal me sjå åsyn til åsyn; no kjenner eg i stykkjevis, men då skal eg kjenna fullt ut, liksom eg og fullt ut er kjend.
I Co NorSMB 13:13  Men no vert dei verande desse tri: Tru, von, kjærleik, og størst av deim er kjærleiken.