Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
I CORINTHIANS
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 14
I Co NorSMB 14:1  Trå etter kjærleiken, stræva etter dei åndelege gåvor, men mest etter å tala profetisk!
I Co NorSMB 14:2  For den som talar med tunga, talar ikkje for menneskje, men for Gud; for ingen skynar det, men han talar løyndomar i Anden.
I Co NorSMB 14:3  Men den som talar profetisk, han talar for menneskje til uppbyggjing og påminning og trøyst.
I Co NorSMB 14:4  Den som talar med tunga, uppbyggjer seg sjølv; men den som talar profetisk, uppbyggjer kyrkjelyden.
I Co NorSMB 14:5  Endå vilde eg at de alle kunde tala med tungor, men heller at de kunde tala profetisk; for den som talar profetisk, er større enn den som talar med tungor, utan so er at han uttyder det, so kyrkjelyden kann få uppbyggjing av det.
I Co NorSMB 14:6  Og no, brør, um eg kjem til dykk og talar med tungor, kva kann eg då gagna dykk, um eg ikkje talar til dykk anten med openberring eller med kunnskap anten med profetord eller med læra?
I Co NorSMB 14:7  Dersom dei livlause ting som gjev ljod, anten det er ei fløyta eller ei harpa, ikkje gjer skilnad på tonar, korleis kann ein då skyna det som vert spela på fløyta eller på harpa?
I Co NorSMB 14:8  Og um ein stridslur gjev uklår ljod, kven lagar seg då til strid?
I Co NorSMB 14:9  Soleis og med dykk: um de med tunga ikkje talar tydelege ord, korleis kann ein då skyna det som vert tala? De talar då burt i veret.
I Co NorSMB 14:10  So mange slag mål er der no visst i verdi, og ikkje noko av deim er utan meining.
I Co NorSMB 14:11  Um eg då ikkje kjenner meiningi i målet, vert eg ein framand for den talande, og den talande ein framand for meg.
I Co NorSMB 14:12  Soleis og med dykk: når de strevar etter dei åndelege gåvor, so søk å få deim i rikt mål til uppbyggjing for kyrkjelyden.
I Co NorSMB 14:13  Difor skal den som talar med tunga, beda um at han må kunna tyda det!
I Co NorSMB 14:14  For um eg bed med tunga, so bed mi ånd; men mitt vit er utan frukt.
I Co NorSMB 14:15  Korleis er det då? Eg vil beda med åndi, men eg vil og beda med vitet; eg vil lovsyngja med åndi, men eg vil og lovsyngja med vitet.
I Co NorSMB 14:16  For dersom du lovar Gud med åndi, kor kann då nokon millom dei ukunnige segja amen til di takkebøn? Han veit ikkje kva du segjer.
I Co NorSMB 14:17  For du held vel ei fager takkebøn, men den andre vert ikkje uppbygd.
I Co NorSMB 14:18  Eg takkar Gud: eg talar meir med tunga enn de alle;
I Co NorSMB 14:19  men i ein kyrkjelyd vil eg heller tala fem ord med vitet mitt, so eg kann læra andre, enn ti tusund ord med tunga.
I Co NorSMB 14:20  Brør, ver ikkje born i vit! ver derimot born i vondskap; men ver fullvaksne i vit!
I Co NorSMB 14:21  Det stend skrive i lovi: «Ved folk som hev framand tunga, og ved framande lippor vil eg tala til dette folket, og endå skal dei ikkje høyra på meg, segjer Herren.»
I Co NorSMB 14:22  So er då tungorne til eit teikn, ikkje for deim som trur, men for dei vantruande; men profettalen er ikkje for dei vantruande, men for deim som trur.
I Co NorSMB 14:23  Um då heile kyrkjelyden kjem saman, og alle talar med tungor, men det kjem inn ukunnige eller vantruande, vil dei ikkje då segja at de er frå vitet?
I Co NorSMB 14:24  Men um alle talar profetisk, og det kjem inn ein vantruande eller ukunnig, so vert han refst av alle, dømd av alle,
I Co NorSMB 14:25  det løynde i hans hjarta vert openberra, og so vil han falla på sitt andlit og tilbeda Gud og vitna at Gud er sanneleg millom dykk.
I Co NorSMB 14:26  Korleis er det då, brør? Når de kjem saman, hev kvar av dykk ein salme, ein lærdom, ei openberring, ei tunga, ei tyding; lat alt vera til uppbyggjing!
I Co NorSMB 14:27  Talar nokon med tunga, so lat det vera tvo eller i det høgste tri kvar gong, og ein i senn, og ein må tyda det!
I Co NorSMB 14:28  Men er det ingen som kann tyda, so tegje han i kyrkjelyden, men for seg sjølv og for Gud tale han!
I Co NorSMB 14:29  Men av profetar tale tvo eller tri; men dei andre må døma um det!
I Co NorSMB 14:30  Men um ein annan fær ei openberring medan han sit der, so skal den fyrste tegja.
I Co NorSMB 14:31  For de kann alle tala profetisk, ein i senn, so alle kann få lærdom, alle få påminning.
I Co NorSMB 14:34  Liksom i alle kyrkjelydarne hjå dei heilage, so skal kvinnorne dykkar tegja i kyrkjesamlingarne; for dei hev ikkje lov til å tala, men må vera undergjevne, so som og lovi segjer.
I Co NorSMB 14:35  Men vil dei læra noko, so lyt dei spyrja sine eigne menner heime; for det er usømelegt for ei kvinna å tala i kyrkjesamling.
I Co NorSMB 14:36  Eller er Guds ord utgjenge frå dykk? Eller er det kome berre til dykk?
I Co NorSMB 14:37  Trur nokon at han er profet eller åndeleg, so må han skyna at det eg skriv til dykk, er Herrens bod.
I Co NorSMB 14:38  Men um nokon ikkje skynar det, so fær han lata det uskyna.
I Co NorSMB 14:39  Difor, brør, stræva etter å kunna tala profetisk, og hindra ingen i å tala i tungor!