Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
I CORINTHIANS
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16
Prev Up Next
Chapter 10
I Co NorSMB 10:1  Men eg vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande um at federne våre var alle under skyi og gjekk alle gjenom havet
I Co NorSMB 10:2  og vart alle døypte til Moses i skyi og havet,
I Co NorSMB 10:4  og drakk alle den same åndelege drykken; for dei drakk av det åndelege berget som fylgde deim; og berget var Kristus.
I Co NorSMB 10:5  Men like vel hadde Gud ikkje hugnad i dei fleste av deim; for dei vart nedslegne i øydemarki.
I Co NorSMB 10:6  Men desse ting hev vorte fyredøme for oss, so ikkje me skal trå etter det vonde liksom dei trådde.
I Co NorSMB 10:7  Vert ikkje heller avgudsdyrkarar liksom nokre av deim! som skrive stend: «Folket sette seg ned til å eta og drikka og stod upp til å leika.»
I Co NorSMB 10:8  Lat oss ikkje heller driva hor, liksom nokre av deim dreiv hor og fall på ein dag tri og tjuge tusund!
I Co NorSMB 10:9  Lat oss ikkje heller freista Kristus, liksom nokre av deim freista honom og vart tynte av hoggormar!
I Co NorSMB 10:10  Murra ikkje heller, liksom nokre av deim murra og vart tynte av tynaren!
I Co NorSMB 10:11  Men dette hende deim som fyredøme, men det er skrive til påminning for oss som dei siste tider er komne til.
I Co NorSMB 10:12  Difor, den som tykkjer han stend, han sjå til at han ikkje fell!
I Co NorSMB 10:13  Dykk hev ingi freisting råka som menneskje ikkje kann bera; men Gud er trufast, som ikkje skal lata dykk verta freista utyver det de toler, men skal gjera både freistingi og utgangen slik at de kann halda det ut.
I Co NorSMB 10:15  Eg talar som til skynsame folk. Døm sjølv um det eg segjer!
I Co NorSMB 10:16  Velsigningskalken som me velsignar, er han ikkje samfund med Kristi blod? Brødet som me bryt, er det ikkje samfund med Kristi likam?
I Co NorSMB 10:17  Av di der er eitt brød, er me ein likam, endå me er mange; for me er alle samhavande i det eine brødet.
I Co NorSMB 10:18  Sjå til Israel etter kjøtet! Hev ikkje dei som et offeri, samfund med altaret?
I Co NorSMB 10:19  Kva meiner eg so? At avgudsoffer til? eller at ein avgud er til?
I Co NorSMB 10:20  Nei, men at det dei ofrar, det ofrar dei til vonde ånder og ikkje til Gud; men eg vil ikkje at de skal koma i samfund med dei vonde ånder.
I Co NorSMB 10:21  De kann ikkje drikka kalken til Herren og kalken til vonde ånder; de kann ikkje hava bordsamlag med Herren og bordsamlag med vonde ånder.
I Co NorSMB 10:22  Eller torer me eggja Herren til harm? Me er då vel ikkje sterkare enn han?
I Co NorSMB 10:23  Alt hev eg lov til, men ikkje alt gagnar. Alt hev eg lov til, men ikkje alt uppbyggjer.
I Co NorSMB 10:24  Ingen søkje bate for seg sjølv, men det som batar den andre!
I Co NorSMB 10:25  Et alt som vert selt i slagtarbudi, og spør ikkje meir um det for samvitet skuld!
I Co NorSMB 10:26  For jordi og alt det som fyller henne, høyrer Herren til.
I Co NorSMB 10:27  Og um nokon av dei vantruande bed dykk til gjest, og de vil ganga dit, so et alt som vert framsett for dykk, og spør ikkje meir um det for samvitet skuld!
I Co NorSMB 10:28  Men um nokon segjer til dykk: «Dette er avgudsoffer,» so et ikkje, for hans skuld som fortalde det, og for samvitet skuld.
I Co NorSMB 10:29  Samvitet, segjer eg, ikkje eins eige, men samvitet hjå den andre. For kvi skal min fridom dømast av annan manns samvit?
I Co NorSMB 10:30  Um eg et med takk, kvi skal eg då verta spotta for det som eg takkar for?
I Co NorSMB 10:31  Anten de so et eller drikk, eller kva de gjer, so gjer alt til Guds æra!
I Co NorSMB 10:32  Ver ikkje til meinstøyt korkje for jødar eller grækarar eller for Guds kyrkja,
I Co NorSMB 10:33  liksom eg og i alt strævar å tekkjast alle, då eg ikkje søkjer det som er gagnlegt for meg sjølv, men for dei mange, at dei må verta frelste.