Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
I CORINTHIANS
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 16
I Co NorSMB 16:1  Men med samanskotet til dei heilage, so gjer de og soleis som eg hev skipa det for kyrkjelydarne i Galatia!
I Co NorSMB 16:2  På den fyrste dagen i vika leggje kvar av dykk til sida hjå seg sjølv det han måtte få lukka til, so samanskotet ikkje skal verta gjort fyrst då når eg kjem.
I Co NorSMB 16:3  Men når eg kjem, skal eg senda deim som de vil velja til det, med brev til å føra kjærleiksgåva dykkar til Jerusalem.
I Co NorSMB 16:4  Men er det verdt at eg og reiser, so kann dei reisa saman med meg.
I Co NorSMB 16:5  Eg kjem til dykk når eg hev fare gjenom Makedonia; for eg gjeng igjenom Makedonia.
I Co NorSMB 16:6  Men hjå dykk kann henda eg drygjer ei tid eller endå vert vinteren yver, so de kann fylgja meg dit som eg sidan reiser.
I Co NorSMB 16:7  For eg vil ikkje få sjå dykk no på vegen, for eg hev ei von um å få drygja ei tid hjå dykk um Herren gjev lov til det.
I Co NorSMB 16:9  For ei stor og verksam dør er upplati for meg, og der er mange motstandarar.
I Co NorSMB 16:10  Når Timoteus kjem, so sjå til at han kann vera hjå dykk utan otte! for han gjer Herrens gjerning liksom eg.
I Co NorSMB 16:11  Difor må ingen vanvyrda honom. Og fylg honom på vegen i fred, at han kann koma til meg; for eg ventar honom med brørne.
I Co NorSMB 16:12  Vedkomande broren Apollos, so bad eg honom mykje at han måtte fara til dykk med brørne; han var slett ikkje viljug til å koma no, men han vil koma når han fær tid.
I Co NorSMB 16:13  Vak, statt faste i trui, ver mannelege, ver sterke!
I Co NorSMB 16:15  Eg legg dykk på hjarta, brør: de kjenner huset til Stefanas, at dei er fyrstegrøda av Akaia, og at dei hev rådt seg til å tena dei heilage -
I Co NorSMB 16:16  so vis de og vyrdnad mot deim, og like eins mot kvar den som hjelper til og gjer seg umak!
I Co NorSMB 16:17  Eg gled meg yver at Stefanas, Fortunatus og Akaikus er her; for saknaden av dykk hev dei avhjelpt.
I Co NorSMB 16:18  For dei hev kveikt upp mi og dykkar ånd. Skyna difor på slike!
I Co NorSMB 16:19  Kyrkjelydarne i Asia helsar dykk. Akvilas og Priska helsar dykk mykje i Herren saman med kyrkjelyden i deira hus.
I Co NorSMB 16:20  Alle brørne helsar dykk. Helsa kvarandre med ein heilag kyss!
I Co NorSMB 16:22  Um nokon ikkje elskar Herren, han vere bannstøytt! Maran ata.