Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
I CORINTHIANS
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16
Prev Up Next
Chapter 15
I Co NorSMB 15:1  Eg kunngjer dykk, brør, det evangelium som eg forkynte dykk, som de og tok imot, som de og stend faste i,
I Co NorSMB 15:2  som de og vert frelste ved, dersom de held fast ved det ordet som eg forkynte dykk det med, so framt de ikkje til unyttes hev teke ved trui.
I Co NorSMB 15:3  For eg yvergav dykk millom dei fyrste ting det som eg sjølv tok imot, at Kristus døydde for synderne våre etter skrifterne,
I Co NorSMB 15:4  og at han vart gravlagd, og at han stod upp att tridje dagen etter skrifterne,
I Co NorSMB 15:5  og at han vart sedd av Kefas, og so av dei tolv;
I Co NorSMB 15:6  so vart han sedd av meir enn fem hundrad brør på ein gong - av deim er dei fleste endå i live, men nokre er avsovna.
I Co NorSMB 15:7  So vart han sedd av Jakob, so av alle apostlarne.
I Co NorSMB 15:8  Men aller sist vart han og sedd av meg som av det ufullbore foster.
I Co NorSMB 15:9  For eg er den ringaste av apostlarne, og er ikkje verdig til å heita apostel, av di eg forfylgde Guds kyrkja.
I Co NorSMB 15:10  Men av Guds nåde er eg det som eg er, og hans nåde mot meg hev ikkje vore til fåfengs; men meir enn dei alle hev eg verka, då ikkje eg, men Guds nåde som er med meg.
I Co NorSMB 15:11  Anten det då er eg eller dei andre, soleis forkynner me, og soleis kom de til trui.
I Co NorSMB 15:12  Men når det er forkynt um Kristus at han er uppstaden frå dei daude, kor kann då sume millom dykk segja at det er ingi uppstoda av daude?
I Co NorSMB 15:13  Men er det ingi uppstode av daude, so er ikkje Kristus heller uppstaden.
I Co NorSMB 15:14  Men er ikkje Kristus uppstaden, so er vår forkynning fåfengd, so er og dykkar tru fåfengd.
I Co NorSMB 15:15  Me vert då og funne som falske vitne um Gud, då me hev vitna imot Gud, at han hev vekt upp Kristus, som han då ikkje hev vekt upp, det vil segja, so framt dei daude ikkje stend upp.
I Co NorSMB 15:16  For stend ikkje dei daude upp, so er ikkje Kristus heller uppstaden.
I Co NorSMB 15:17  Men er ikkje Kristus uppstaden, so er trui dykkar gagnlaus; so er de endå i synderne dykkar;
I Co NorSMB 15:19  Hev me berre i dette liv sett von til Kristus, so er me ynkelegare enn alle menneskje.
I Co NorSMB 15:20  Men no er Kristus uppstaden frå dei daude og hev vorte fyrstegrøda av deim som er avsovna.
I Co NorSMB 15:21  For av di dauden kom ved eit menneskje, so er og uppstoda av daude komi ved eit menneskje.
I Co NorSMB 15:22  For liksom alle døyr i Adam, so skal og alle verta livandegjorde i Kristus.
I Co NorSMB 15:23  Men kvar i sin stad: Kristus er fyrstegrøda, so skal dei som høyrer Kristus til, verta livandegjorde i hans koma.
I Co NorSMB 15:24  So kjem enden, når han gjev riket til Gud og Faderen, når han fær gjort magt og all yverråd og alt velde til inkjes.
I Co NorSMB 15:25  For han skal vera konge, til dess han fær lagt alle sine fiendar under sine føter.
I Co NorSMB 15:27  for han hev lagt alle ting under hans føter. Men når han segjer at alt er honom underlagt, so er det klårt at han som hev lagt alt under honom, er undanteken.
I Co NorSMB 15:28  Men når alt er honom underlagt, so skal og Sonen sjølv gjeva seg under honom som hev lagt alt under honom, so Gud skal vera alt i alle.
I Co NorSMB 15:29  Kva gjer då dei som let seg døypa for dei daude? Dersom dei daude i det heile ikkje stend upp, kvi let dei seg då døypa for deim?
I Co NorSMB 15:31  Eg døyr kvar dag, so visst som eg kann rosa meg av dykk, brør, i Kristus Jesus, vår Herre.
I Co NorSMB 15:32  Var det på menneskjeleg vis eg stridde med villdyr i Efesus, kva gagna det meg då? Dersom dei daude ikkje stend upp, «so lat oss eta og drikka, for i morgon døyr me!»
I Co NorSMB 15:33  Far ikkje vilt! Låkt samlag spiller gode seder.
I Co NorSMB 15:34  Vakna retteleg upp og synda ikkje! for sume hev ikkje kunnskap um Gud; til dykkar skam segjer eg det.
I Co NorSMB 15:35  Men ein kunde segja: «Korleis stend dei daude upp? og kva slag likam kjem dei fram med?»
I Co NorSMB 15:36  Du uvituge! det som du sår, vert ikkje livandegjort, utan det døyr.
I Co NorSMB 15:37  Og når du sår, sår du ikkje den likamen som skal koma, men eit nake korn, anten det er av kveite eller av anna såkorn.
I Co NorSMB 15:38  Men Gud gjev det ein likam so som han hev vilja, og kvart slag sæde sin eigen likam.
I Co NorSMB 15:39  Ikkje alt kjøt er det same kjøt; men eitt er kjøt i menneskje, eit anna kjøt i fe, eit anna i fugl, eit anna i fisk.
I Co NorSMB 15:40  Og det finst himmelske likamar og jordiske likamar; men ein herlegdom hev dei himmelske, ein annan dei jordiske.
I Co NorSMB 15:41  Ein glans hev soli, og ein annan månen, og ein annan stjernorne; for den eine stjerna skil seg frå den andre i glans.
I Co NorSMB 15:42  Soleis er det og med uppstoda av dei daude. Det vert sått i forgjengelegdom, det stend upp i uforgjengelegdom.
I Co NorSMB 15:43  Det vert sått i vanæra, det stend upp i herlegdom; det vert sått i vanmagt, det stend upp i kraft.
I Co NorSMB 15:44  Det vert sått ein naturleg likam, det stend upp ein åndeleg likam. So visst som det finst ein naturleg likam, so finst det og ein åndeleg likam.
I Co NorSMB 15:45  Soleis stend det og skrive: «Det fyrste menneskje Adam vart til ei livande sjæl;» den siste Adam hev vorte til ei livgjevande Ande.
I Co NorSMB 15:46  Men det åndelege er ikkje det fyrste, men det naturlege, so det åndelege.
I Co NorSMB 15:47  Det fyrste menneskje var frå jordi, jordisk; det andre menneskje er frå himmelen.
I Co NorSMB 15:48  Slik som den jordiske var, so er og dei jordiske, og slik som den himmelske er, so skal og dei himmelske vera.
I Co NorSMB 15:49  Og liksom me hev bore bilætet av den jordiske, so skal me og bera bilætet av den himmelske.
I Co NorSMB 15:50  Men det segjer eg, brør, at kjøt og blod kann ikkje erva Guds rike, ikkje heller erver forgjengelegdom uforgjengelegdom.
I Co NorSMB 15:51  Sjå, eg segjer dykk ein løyndom: Me skal ikkje alle sovna av, men me skal alle verta umskapa,
I Co NorSMB 15:52  i hast, i ein augneblink, ved den siste luren; for luren skal ljoda, og dei daude skal standa upp uforgjengelege, og me skal verta umskapa.
I Co NorSMB 15:53  For dette forgjengelege må verta iklædt uforgjengelegdom, og dette døyelege iklædt udøyelegdom.
I Co NorSMB 15:54  Men når dette forgjengelege er iklædt uforgjengelegdom, og dette døyelege er iklædt udøyelegdom, då vert det ordet uppfyllt som stend skrive: «Dauden er gløypt til siger.»
I Co NorSMB 15:55  «Daude, kvar er din brodd? Daude, kvar er din siger?»
I Co NorSMB 15:56  Men brodden i dauden er syndi; men krafti i syndi er lovi.
I Co NorSMB 15:57  Men Gud vere takk, som gjev oss siger ved vår Herre Jesus Kristus!
I Co NorSMB 15:58  Difor, mine kjære brør, ver faste og uruggelege, alltid rike i Herrens gjerning, då de veit at dykkar arbeid er ikkje fåfengt i Herren!